Bondelaget gjer rett i å krevja meir til mjølkebøndene i årets jordbruksoppgjer. Likeeins er kravet om styrka velferdsordningar heilt på sin plass. Men det er ikkje dette den lova kursendringa for norsk jordbruk eigentleg handlar om.

Årets oppgjer er spanande. Det kjennest meir avgjerande ut enn på lenge. For fleire vil resultatet etter tingingane vera avgjerande for om dei held fram eller legg ned.

Reint dramatisk har det òg blitt, gitt splittinga blant bøndene. Norges Bonde- og Småbrukarlag (NBS) leverte ikkje krav i lag med Bondelaget og blir difor ikkje med på forhandlingane. Somme oppfatta dette som for radikalt. Nokre som eit uansvarleg stunt som svekker forhandlingsinstituttet og kanhende sluttresultatet. Andre ser ein bondeorganisasjon som endeleg torer å setja hardt mot hardt – kva har dei eigentleg å tapa?

Tilsvarande er det mange som hevdar at Bondelaget krev det dei anar at staten – og Senterpartiet – er villige til å gi, heller enn ut frå bøndenes faktiske behov. Andre igjen, oppfattar Bondelaget som det einaste ansvarlege faglaget.

Uansett kva tolking du heller til, er splittinga mellom dei to bondeorganisasjonane også eit uttrykk for kva som skjer i ei næring der krybba for mange er tom. Det er urovekkjande nok. Men heller ikkje dette er hovudsaka denne våren.

Folk flest oppfattar nok jordbrukspolitikken og oppgjeret som ein kamparena for staten og bøndene. Næringa sjølv er god på å stadfesta dette inntrykket der ein grev seg ned i tal og stammespråk. Slik blir det litt lettare for storsamfunnet å oversjå dei mange bøndene som ikkje får det til å gå i hop lenger. Slik blir det litt enklare å ikkje ta matprodusentane eller samfunnsrolla deira på alvor: – Dei får no halda på, der borte i siloen sin.

Oppgjeret handlar om kva pris bøndene skal få på maten dei produserer. Om kostnadskompensasjon, og om inntekt. Men i ei næring der varsellampene blinkar raudt, er det viktig å minnast at oppgjeret også har ein høgare himmel enn botnlinja på det einskilde bruk. Margit Fausko, styremedlem i NBS, formulerer det godt i eit innlegg på Facebook: «Jordbrukspolitikken er ikkje til for bønder. Den er til for samfunnet.»

Om ikkje tilbodet frå staten vekker den naudsynte begeistringa blant bøndene, er det ikkje berre forholdet mellom styresmaktene og bøndene som vert svekka. Det er ikkje berre mistrua mellom bondeorganisasjonane som aukar. Utan bønder som augnar håp, står heile nasjonen litt svakare.

Så lenge har me gravd oss ned i småjusteringar og halvhjarta satsingar, at me tilsynelatande har gløymt kva ein oppdriftig jordbrukspolitikk kan vera.

Eit tilbod og eit resultat som ikkje gir bøndene trua attende, er ikkje eit velukka oppgjer for nokon av oss. Det er dét det handlar om nå.

Bothild Å. Nordsletten

Merk: Bondevennen gjekk i trykken før staten leverte sitt tilbod til bøndene. Me dekker dette og jordbruksforhandlingane i komande utgåver.