– Dette er ei skjebnetid for norske bønder og norsk matproduksjon. Mange står no ved eit vegskilje. Me treng eit kraftig inntektsløft for å gi bøndene framtidstru.

Alvoret var ikkje til å misforstå då leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, saman med Norges Bonde- og småbrukarlag, la fram kravet til årets jordbruksforhandlingar i førre veke.

Som også det pågåande bondeopprøret er eit prov på, vitnar det Bartnes seier om at alt ikkje berre «lagar seg», slik alle håpefullt har det med å konkludera, år etter år. Aksepterer me påstanden om ei skjebnetid, er valet innlysande: lat det skura og gå i feil retning – eller ta opp kampen for ei endring til det betre.

For skjebnetida har ikkje kome snikande som ved ei naturlov. Årsakene til at mange bønder er ved å gi opp og/eller blir opprørarar, er konkrete, og har namn: Strukturrasjonalisering. Sentralisering. Utholing av tollvernet. Vekstideologi. Kjedemakt. Kostnadsauke. Dårleg lønsemd.

Vekslande regjeringar har anten forsterka desse årsakene, eller ikkje brydd seg om dei. Ei heller har dei seinare jordbruksoppgjera klart å unngå at dei snautt 40 000 bøndene som er att, tener minst 200 000 kroner under snittet.

Men endring er mogleg, gitt politisk vilje. Skrifta på veggen kunne knapt vore tydelegare: Ønskjer me å trygga matproduksjonen, sjølvbergingsevna, tusentals arbeidsplassar og distrikta, må det 71. oppgjeret resultera i eit økonomisk løft som gjer slutt på bondeopprøret og bondelaga si kjensle av skjebnetid. Ikkje mindre.

I tillegg til politikk og økonomi, ligg grunnlaget for ein reell snunad også i bønder som held fram med å sjå meining og glede i yrket sitt. Dei som bit seg fast, omset håp til handling og som satsar – kvar dag – trass i politiske og økonomiske utfordringar. Dei er ikkje så reint få. I bladet denne veka kan du til dømes lesa om 20 år gamle Silje Svartveit Osmundsen og 21 år gamle Toralf Gausvik Loe, som fulle av iver leiger grisehus medan dei venter på å ta over garden hennar.

Bondevennen deler analysen av at jordbruket er i ei skjebnetid. Men, utan på nokon måte å underslå alvoret, misser me ikkje or syne dei lysglimta som finst. Visst finst dei – og du les om dei i Bondevennen kvar veke!

Bothild Å. Nordsletten

(Dette bladet gjekk i trykken dagen før staten la fram sitt tilbod til jordbruket.)