image description

Kvart år gjer presse-Noreg opp rekneskap over opplagstala. Dei fleste redaksjonane presenterer nokså dystre tal på ein særdeles positiv måte. Me veit nemleg veldig godt kva veg utviklinga går. Færre journalistar, mindre opplag og auka nettsatsing med knappe ressursar. Ei skildring landbrukets folk kan kjenne seg att i. Det vert færre bønder, som helst skal produsere meir på krotare tid. Det store spørsmålet er: Kvar er me på veg? Barna i baksetet lurer ofte på dette; når er me framme? Då er det godt å ha svaret klart; snart. Stopp med luft og iskrem høyrer med, for å halde motet oppe, slik at både foreldre og barn skal makte å fullføre reisa.

“For den som ikkje veit kva hamn han styrer mot, er ingen vind gunstig,” sa Seneca. Eit poeng regjeringa kanskje kunne ta inn over seg. Sablane har rasla og risla i opposisjon og posisjon. Det var snakk om kutt i pressestøtta, men regjeringa har skubba avgjersla til Stortinget. – Det mest dramatiske med avisenes nett og opplagstall er at utviklingen fortsetter som før”, skriv Andreas Wiese, i ein kommentar i Dagbladet. Landbruksministeren og hennar medarbeidarar har og vore aktive med sablane. Kutt, endringar, justeringar og betringar har vorte varsla. Likevel forstår me framleis ikkje heilt kva den nye politikken går ut på. Dei minste vert ofte taparane i eit samfunn. Slik er det og når det kjem til både landbruk og presse. I ordboka er likevel ikkje ordet liten synonymt med dårleg. Berre fordi ein er viktig for få, tyder ikkje det at ein ikkje er viktig.

Bøndene har fått beskjed om å lena seg framover, snakke opp næringa og vere positive. Bondevennen prøver med beste penn å skildre bondens kvardag. Kvar veke trykker me opp omlag 6.000 blad. Me skal ikkje pynta på sanninga, og seie at enga er evig grøn. Talet på abonnentar minkar. Me vel likevel å fokusere på ein positiv trend. Talet på abonnentar minkar ikkje like mykje som talet på bønder.
Landbruksministeren legg skulda på tidlegare politikk når det gjeld hurtig nedgang av bønder. Når det gjeld utviklinga i avisverda er skuldspørsmålet meir diffust. Utviklinga sjølv må ta ein del av støyten. Sveinung Svebestad, styreleiar i Nortura, har ved fleire høve teikna eit anna bilete av landbrukets utvikling.
– Utviklinga går sin gang uavhengig av politikken, seier han. Han peiker på at kanskje ville det vore endå færre bønder dersom me ikkje hadde hatt ein politikk som søkte å jamne ut forskjellane mellom store og små produsentar. Kall det gjerne kommunistisk. Poenget er at me må vite kvar me skal.

Både bønder og journalistar er kjende for å vere arbeidsglade folk. Me tek gjerne i eit tak, me gir ikkje opp og me har ambisjonar. Så la oss ikkje sitte i baksetet med bind for auga. La oss heller ikkje stå att på rasteplassen. La oss sjå kvar det ber hen.

 

Jofrid Åsland