Som matfylke har Rogaland ei eiga evne til å hamne i søkjelyset av feil grunnar. No sist i sommar med mediaoppslaga om korleis Regionalplan for Jæren opnar for nedbygging av heile 23.000 mål av den beste matjorda i landet. Det er knapt så ein kan tru det ein les. Noreg er eit av dei landa i verda med minst matjord per innbyggjar – ca. 1,5 mål til kvar av oss. Likevel har lokale folkevalde vedtatt ein plan som tillet å innskrenka dette livsgrunnlaget for lokale innbyggjarar til 1,1 mål. Og då er ikkje ein gong jorda som forsvinn til dobbeltspor på Jærbanen, ny E-39 eller utviding av Sola Lufthamn tatt med.

Saka understreker behovet for å løfta ansvaret for matjord frå kommunane til eit overordna Fylkesmanns- og statleg nivå snarast. Kommunane har over år vist at dei ikkje maktar å ta dette ansvaret.

Aksepten for nedbygging av jord vitnar også om ein kortsiktig tru på vekst og utvikling, som i meir av alt, i ei tid som ropar på langsiktig tenking, atterhald og nøysemd. Med så mykje jord som alt er bygd ned i Rogaland er det på tide å stilla spørsmålet om kor mange menneske fylket bør hysa. Potensialet for å fortetta byar og tettstader er stort, men løyser ikkje alt. Jo tettare folk bur, di større blir behovet deira for å koma seg ut å bruka dei omkringliggjande naturressursane.

Kampen for matjorda burde vera eit av hovudtema i kommune- og fylkestingsvalet i haust. Bompengepartia stiller lister i 14 kommunar og fire fylke. Noko jordvernliste finst ikkje. Jordvernforeininga i Rogaland har 300 medlemmar. At den nyoppretta Facebook-sida «Nei til nedbygging av 23 000 mål matjord på Nord-Jæren» nett har passert 2000 medlemmar, gir von om eit veksande engasjement der ute.

Jordvernforkjemparar har noko å læra av bompengeopprørarane sitt uredde og høglytte engasjement. Her er ingen grunn til å avgrensa seg til indignerte kommentarar i sosiale media. Kampen for jorda er ein god og rettferdig kamp, og ei solidarisk handsrekning til dei som kjem etter oss.

Det er no særs viktig å nytta høvet til å klargjera kva dei politiske partia meiner om jordvern. Alle er sjølvsagt for å bevara matjorda, men kva gjer dei? Tida er inne til å undersøkja kva dei ulike representantane eigentleg har stemt i nedbyggingssaker dei siste åra. Likeeins, i kva grad er dei villege til å stå opp for matjord som ei overordna samfunnsinteresse, når bedriftsetablering og arbeidsplassar lokkar?

Her har alle parti noko å svara for. Sjølv i dei 102 kommunane som Senterpartiet styrer rundt om i landet, er det bygd ned meir matjord enn i Høgre-styrte kommunar, ifølgje ei kartlegging gjort av Nationen.

Dersom nedbygginga får halda fram, slik Regionalplan Jæren opnar for, blir det vanskelegare for Rogaland å framstå som det stolte matfylket. Varselskotet har gått. Kan me vakna no?

Bothild Å. Nordsletten