image description

 

Den vanskelege grovfôr­situasjonen krev handling, men ikkje panikkhandling. Fôrsituasjonen varierer frå gard til gard og frå distrikt til distrikt. Stormøtet på Undheim, om grovfôrkrisa på Jæren, i sist veke, synte at temaet er hyperaktuelt. Over 300 bønder møtte fram for å dele erfaringar og få råd om vegen ut av krisa. Initiativet til møtet kom frå bøndene Per Ådne Skårland, Asgeir Pollestad og Erling Søyland. Dette skal dei ha honnør for, dei medverka til å visa veg ut av uføret.

Tal frå landbrukskontora ­­ og innhenta talmateriale frå Tine, syner at prognosen for avlinga ved førsteslåtten i Rogaland er redusert til 50 – 70 prosent av eit normalår, varierande frå distrikt til distrikt. Den same tendensen gjer seg gjeldande for resten av Vestlandet. Gjennomsnittsutrekningar er opplysande, men lite interessante for dei enkeltbruka som langt på veg har mista heile førsteslåtten. Seint beiteslepp og glisne beite forsterkar grovfôrkrisa, og som om det ikkje var nok, har mange fått dårleg spiring etter direktesåing og problem med stankelbeinlarver på nyspira gras. Fleire har teke i bruk plogen og sådd på nytt, samstundes med at andre haustar førsteslåtten.

For mange bruk er grovfôrkrisa ei stor økonomisk og menneskeleg påkjenning. Dyra treng fôr som ein ikkje har. Då er det ein kort veg til stress og uro. Ein treng hjelp til vegval og faglege råd. På Undheim-møtet var desse dimensjonane godt ivaretekne, her var både HMS-tenesta, fylkesmannen og bankane representerte og ikkje minst fôringsekspert med faglege råd.

Banken sine råd er fylgjande:
Ta kontakt, jo før jo heller.
Gå ikkje åleine med bekymringane.
Bruk rådgjevingsapparatet.
Tenk langsiktig økonomi.
No gjeld det at bankane i praksis viser at dei er positivt innstilt til landbruket.

Landbruksdirektør Hadle Nevøy blei i klare ordlag fortalt at dette ikkje er tida for byråkratiske utleggingar om trekk i reparasjonstilskot til raigras. Den røynde bonden og byråkraten tok poenget. Elles bør landbruksforvaltinga på fylkes- og kommunenivå gå ut med klar og lettfatteleg informasjon om erstatningsordninga som gjeld ved vinterskade på eng. Ordninga er komplisert og med store dokumentasjonskrav. Her må initiativet ligga på det offentlege, både med rådgjeving og hjelp til å takle skjemaveldet.

Kva er så vegen ut av uføret? – Du må endre fôringsopplegget no, sa sjefsrådgjevar Harald Volden, i Tine. Gjer opp status og legg ein overordna fôrplan for minst eitt år fram i tid. Skal ein redusere besetningen, kjøpe grovfôr eller auke kraftfôrprosenten, eller ein kombinasjon av alt?

I følgje Volden, kan 20 – 30 prosent mindre grovfôr enn normalt kompenserast med kraftfôr, ved å nytta tilpassa kraftfôrslag. Manglar ein 50 prosent grovfôr må ein kjøpe inn strukturfôr, men til ein fornuftig pris, understreka rådgjevaren. – Kjøp aldri grovfôr utan dokumentert kvalitet og avtalt pris, og jamfør denne med alternativ kraftfôrpris, er av dei råda han gir.

– Rådgjevingstenesta er førebudd på å utarbeida alternative fôrplanar, tilpassa situasjonen på enkeltbruk, sa Volden. Eit godt råd for å få oversikt og styring over situasjonen.

Rogaland landbruksgiving etablerer i desse dagar ein data­base der dei som treng grovfôr og dei som sel grovfôr blir kopla saman. I dette opplegget er det også kontakt med landbruksrådgivinga og grovfôrprodusentar på Austlandet.

La oss vona at dei tiltaka som er sette i verk, med reparasjonssåing og anna, medverkar til at fôrsituasjonen jamnar seg noko ut i løpet av sommaren og hausten. Men mange vil dessverre oppleva betydelege økonomiske tap.

No er det tid  for konsekvensvurdering og faglege tiltak på den enkelte gard. I ettertid kjem analysen. Kvifor gjekk det som det gjekk, korleis verka tiltaka og kva bør ein gjera for å bli meir robust til å møta eit anna uår?

 

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no