image description

Mat og forbrukaranesine vaner og ønskjer er viktig. Det er viktig for matvarekjedene, Landbruks- og matministeren, bøndene og forbrukarane sjølv. Utfordringa er at alle har forskjellige ønskjer og mål. Kjedene skal tene pengar på noko av det viktigaste i alle sitt liv, nemleg mat. Ser me nærare på tilstanden hjå eigarane av matvarekjedene ser det ut til at dei gjer akkurat det, tener pengar. Ministeren for landbruk og mat skal passe på at alle er nøgde, både dei som produserer maten og dei som et maten. Folket har etter alt og dømme veldig ulik oppfatning av om ministeren fyller denne rolla slik ho skal. Bøndene skal produsere maten, og på det viset tene til livets opphald. Når det gjeld lønnsemda i landbruket er det også svært ulike syn på kor vidt bøndene lukkast. Forbrukarane på si side er både konge og fattigmann på ein gong.

Utval av varer og tilgang på varer er ikkje sjølvsagt. Me veit at mangel på mat er eit faktum fleire stader i verda, mens diskusjonen i vår ende av kloden ofte har handla om pris på produkta. Me ser ein flom av såkalla EMV-produkt (eigne merkevarer) i butikkhyllene. Der dei ulike kjedene har eigne produkt, og sel dei ofte til ein billegare pris enn dei kjende merkevarene. Eit billegare alternativ er i utgangspunktet ikkje eit problem, men dersom utvalet i hyllene vert avgrensa til hovudsakleg EMV-produkt er problemet stort.

Kunden i handledisken regjerer over kva produkt som finn vegen ned i handlevogna. Samstundes er kunden prisgitt kjedene sitt utval av varer. Dersom varene kunden ønskjer ikkje finst i butikkhyllene, då må forbrukaren anten ta til takke med varene butikken har å by på, eller gå tomhendt ut som ein fattigmann.

Granskingar frå Spisefakta røper at nordmenn i dag legg mindre vekt på låg pris i val av matvarer enn før. Ifølge granskinga er det viktigaste for forbrukarane at maten er fersk, frisk og smaker godt. Kortreist og lokal mat er i vinden for tida, og i denne utgåva av Bondevennen kan du lese om produkt frå Rogaland som har fått Matmerk sitt kvalitetsmerke, Spesialitet. – Det føregår ein lokalmatrevolusjon i Noreg, og Rogaland er heilt i teten, seier Nina Sundqvist, administrerande direktør i Matmerk, om utviklinga innan norsk matproduksjon.

Dersom det er slik at forbrukaren ikkje er så opptekne av pris, er det spesielt viktig at mangfaldet i butikkhyllene ikkje forsvinn. Me trur ikkje import og billege løysingar er ei god løysing der det finst eit lokalt alternativ. EMV-produkta må ikkje undergrave dei kjende merkevarene som mange forbind med kvalitet og tryggleik. Me trur lokalt mangfald av matvarer vil gjere forbrukaren til konge over innkjøp av dei viktigaste varene i livet, og skape utvikling i lokalsamfunna.

Lenge leve mangfald og reell valfridom.

Jofrid Åsland