«Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener det er av avgjørende nasjonal betydning at vi legger om retningen av dagens jordbrukspolitikk.»
Innstilling frå næringskomiteen til jordbruksoppgjeret 2021

Ein usedvanleg hendingsrik vår kulminerte førre veke då Stortinget handsama jordbruksoppgjeret. Resultatet vart rett nok som forventa: statens tilbod vart ståande. Igjen må bøndene sjå langt etter ei høgst naudsynt inntektsauke. Igjen fekk me ei stadfesting av kva den sitjande blågrøn- gule regjeringa med FrP i kulissane i praksis vil med landbrukspolitikken: færre og større bruk med stadig travlare bønder på ei inntekt langt under andre yrkesgrupper. Så lenge det går.

Debatten i stortingssalen, derimot, bar bod om at ei endring kan vera i sikte. Krava og presset frå Bondeopprøret prega temperaturen i innlegga. Og opprøret har no også sett sitt tydelege avtrykk i opposisjonspartia sine målsettingar for jordbruket. Særleg er det interessant å merka seg den offensive endringsvilja i SV, MDG og Raudt.

Ein ny kurs i jordbrukspolitikken. Ein opptrappingsplan for å styrka inntekta i næringa. Maks bruk av tollvernet. Ein investeringspakke og opptrappingsplan for fornying av båsfjøs. Eit høgare mål for sjølvforsyning.

Dette er kva Sp, SV, Ap, MDG og Raudt, i meir eller mindre detalj, seier høgt at dei vil, slik det kjem fram i merknadane i innstillinga frå næringskomiteen.

Det er ikkje reint lite. I tillegg går eit samla Storting inn for at det blir sett ned eit utval for å vurdera grunnlagstala for jordbruksoppgjeret, slik eit av hovudkrava til bondeopprøret er.

Ved inngangen til sommaren og med valkampen så vidt i gang, kan det difor vera lov å håpa. Dynamikken som bondeopprøret har starta, både i faglaga og i politikken, viser at det nyttar å seia ifrå, at det nyttar å rokka ved skakkøyrte strukturar, system og sanningar. Opprøret har i så måte også tilført jordbruket sårt tiltrengt mot og sjølvtryggleik.

Det sagt, skal opprøret sigra, skal inntektsgapet tettast innan neste stortingsperiode, slik Bondetinget nyleg vedtok, må presset haldast oppe gjennom sommaren, inn i valkampen og vidare. Ikkje minst mot dei potensielle regjeringspartnarane Sp og Ap, som ikkje har villa tidfesta opptrappingsplanen for bondeinntekta.

Visst er det langt til mål. Men det er også lenge sidan ein ny og betre kurs for jordbruket var så nært innan rekkevidde, som etter denne vårvinna.

Bothild Å. Nordsletten