Enkelt, eigentleg

30. mai 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Det er med jordbrukspolitikken som med så mange andre politikkområde. Måla ein skal nå ligg som oftast langt framme. Ofte er dei ambisiøse. Tenk netto null-utslepp i 2050. Og ofte er dei urealistiske. Tenk netto null-utslepp i 2050. Det finst jo ingen plan for vegen fram dit.

Eller målet om 50 prosent sjølvforsyningsgrad i 2030. Det finst ingen plan for korleis me skal klara det, heller.

Etter vårens jordbruksoppgjer er oppfatningane også delte om kva retning det eigentleg ber i for bøndene og matproduksjonen. I Bondelaget har dei trua og håp om betre tider, og godt er det. Småbrukarane, derimot, braut på målstreken, vonbrotne og framleis svoltne på «ærlege tal». Attende på grasrota spør fleire om kva ein sit att med.

Med så mykje på spel for landets mest grunnleggjande næring, og for alle som er avhengige av den, kunne ein ønska at entusiasmen var meir utbreidd og truverdig, og inspirasjonen sterkare.

Då er det oppløftande når landbrukspartnarskapen i Rogaland viser til ein «rekordstor etterspurnad etter investeringsmidlar» og ein «heilt ekstraordinær situasjon» i fylket. For her er bøndene ute etter midlar til lausdriftsfjøs, omlegging til SPF og ei rekke andre prosjekt for betre dyrevelferd og miljø. Også i andre fylke ryktast det om stor pågang etter investeringsmidlar til tilsvarande prosjekt.

Problemet er berre at potten for lengst er tom for i år. Og for neste år.

Når ivrige bønder blir satt i kø, kan det gå på motivasjonen deira laus. Det fører oss heller ikkje nærmare måla om betre dyrevelferd og sjølvforsyning.

Politikk er ikkje lett. Men med perspektivet og prioriteringane i orden treng ein heller ikkje gjera det meir komplekst enn det er.

Det er mange viktige samfunnsomsyn som treng midlar frå same pengesekken.

Poenget er at dei alle krev mat i magen, som eit utgangspunkt.

I så måte finst det knapt betre samfunnssikring eller klokare politikk enn å setja dei bøndene som vil og kan i stand til å utføra samfunnsoppdraget sitt og slik styrka sjølvforsyningsgraden.

Ein første sjanse byr seg alt i juni, då Stortinget skal handsama både jordbruksavtala og revidert nasjonalbudsjett. Dei som eventuelt ikkje er nøgde med avtala, har høve til å prøva å endra den då.

Likeins kan dei folkevalde som meiner alvor med beredskap og sjølvforsyning utøva handfast politikk ved å plussa på potten for investeringsmidlar i landbruket.

I det sei så tar sommarferie er det fire og ein halv dyrkingssesong att til me skal ha nådd 50 prosent sjølvforsyning. Ein lyt nytta tida godt.

DEI SISTE LEIARANE:

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.

Bonde med livet som innsats

Bonde med livet som innsats

Endeleg betre velferdsordningar for bønder. Mange har ytra glede for at akkurat denne biten av jordbruksavtalen sikra betring for både bønder som får barn og har sjuke barn. Maksimalgrensa for tilskot til avløysing er også auka.

Er det greitt å sove i timen?

Er det greitt å sove i timen?

Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.