Me har sett det mange gonger. Elefanten i husdyrrommet er så liten at du ikkje ser han. Men skadane kan bli svært store. Sjukdomsframkallande smittsamt virus, bakteriar og sopp kan ved eit utbrot i verste fall føra til at du må tøma fjøset, sanera og førebu deg på bandlegging og ein lengre driftsstopp.

At eit smitteutbrot er ei svært stor belastning for den som blir råka, er ikkje vanskeleg å skjøna. Men at økonomiske problem skal dukka opp i kjølvatnet av at styresmaktene strekker sperreband rundt driftsbygningen, er derimot ikkje akseptabelt. Offentlege erstatningsordningar er meint å slå inn og kompensera for tap.

Bondevennen har omtalt frustrasjonen kring ufullstendig erstatning i dette og førre nummeret, etter at samstyret for bondelaga på Jæren no går ut og krev ei oppdatering og forbetring av regelverket kring smitteutbrot. Jærlaga vil sikra at erstatningsordninga fungerer på beste måte for både bøndene som blir råka og for Mattilsynet som skal forvalta regelverket.

Me ventar at dette konstruktive initiativet kjennest som ein del meir enn berre eit velmeinande spark på leggen til styresmaktene, og at feil og manglar blir følgt opp og retta opp snarast. Frykta for å bli råka av ein smittsam husdyrsjukdom, kan ein neppe gjera så mykje med. Men uvissa som rår kring erstatning, tapte inntekter og i verste fall økonomisk ruin, kan og må det gjerast noko med. Straks. For er det noko som er sikkert, er det at nye tilfelle av smittsame husdyrsjukdommar vil dukka opp og skapa fortviling og frykt. Særleg hjå bøndene som blir direkte råka.

I førre nummer av Bondevennen kunne du lesa om Anne Mette og Bjørn Kjetil Askvik i Suldal. Dei måtte avliva alle dyra i besetninga og bur seg nå på ein periode med driftsopphald etter at det vart oppdaga storfetuberkulose i besetninga. Saka illustrerer dessverre alt for godt alt som ikkje fungerer og alt som står på spel.

For å halda på den gode dyrehelsa og tilliten det norske landbruket har blant forbrukarane, må det vera kort veg frå mistanke om sjukdom til varsling. For at varslinga skal fungera må det ligga eit erstatningsregelverk som er utforma slik at det kompenserer fullt ut etter det faktiske driftsomfanget på garden. Frå den augneblinken Mattilsynet får telefon frå bonden, til drifta på garden er i full drift att.

Erstatningssatsane må vera oppdaterte til ei kvar tid, linka opp mot den faktiske drifta på garden og slå inn på føreseieleg vis. Det skulle elles berre mangle.

Nå håpar me at bondelaga på Jæren følgjer det prisverdige initiativet fram til turvande endringar, som sikrar bonden sin økonomi gjennom krisa, er på plass.

Sjur Håland