Når talet på bønder går ned, er det ekstra viktig å heia på dei unge kreftene som satsar på matproduksjon. Snittalderen for norske bønder er 54 år. Globalt er gjennomsnittsalderen omlag 60 år – og aukande. Ingen stader er det sjølvsagt at dei unge vil ta over og føra drifta vidare. Og ingen stader er rekrutteringa stor nok til å erstatta dei gamle.

Dårleg betaling, utarma naturressursar, fysisk slit og fordommar gjer bondeyrket lite attraktivt i mange land. Dersom bøndene held fram med å gråna verda over, vil det etter kvart påverka matproduksjonen – og oss alle, uansett alder.

Denne veka har Bondevennen vore på Ung bonde-arrangementet på Voss i Hordaland, samt på fagmøte med ungdomen i Jæren Young Cowboys. Seinare i haust går storarrangementet Ung bonde-samling 2018 av stabelen på Lillestrøm. Fleire liknande, mindre samlingar finn no stad, landet rundt.

Fellesnemnaren for desse arrangementa er program tettpakka med kunnskaps- og erfaringsformidling, samt rom til spørsmål om alt det dei ferske bøndene lurer på – frå teknologi via økonomi til familieliv. Dette er viktige møteplassar for inspirasjon, fagleg påfyll og samvær mellom dei som står på terskelen inn i næringa.

I Noreg er kåra for bønder langt betre enn i dei fleste andre land. Å produsera mat er nesten trendy. Bøndene ber stolt yrkestittelen på t-skjortebrystet. Jo meir folk erkjenner at global oppvarming utfordrar matproduksjonen, jo meir dei forstår kor risikofylt det er å setta lit til internasjonal handel, di meir innser dei vonleg kor verdifull bonden er for vår beredskap.

Utfordringane står likevel i kø. Du skal vera målmedviten, sta og hardtarbeidande for å gå på, trass klimaendringar, uføreseieleg politikk og marknadstrendar. Du skal kjempa for å halda gløden, når avstanden til nærmaste yrkesfelle blir stadig lengre.

På veg inn i denne røynda – før vane sløvar den kritiske sansen og alder gjer kål på kampviljen, er det viktig at dei unge tek ordet – og får koma til orde. Tradisjon og nedarva kunnskap er gull verdt, men når heile grunnlaget for landbruket slik me kjenner det no er i ferd med å endra seg, trengst kritiske spørsmål og djerve tankar.

Innovasjon og utvikling er ikkje berre ny teknologi, slik ein kan få inntrykk av på mange landbruksarrangement for tida. Verkelege endringar startar med å utfordra seg sjølv og eigen praksis i frisk debatt om korleis ein kan gjera ting betre.

Kor er bondeungdomen som verkeleg utfordrar den eldre garde i faglag og organisasjonar? Landbrukets unge kunne godt ta meir lærdom av ungdomsorganisasjonane til dei politiske partia, som med modige framlegg freistar å flytta debatten i moderpartia framover.

Dei unge vil gjerne vera der det skjer. Om bondeungdomen ryddar seg større plass i debatten om korleis morgondagens landbruk skal sjå ut, kan det vera at fleire får augene opp for ein karriere i matproduksjonen. Slik kan valet av bondelivet for nokon kanskje bli litt meir sjølvsagt.

Bothild Å. Nordsletten