image description

NO ER DET EIT FAKTUM. Norge har fått ny mindretalsregjering, utgått frå Høgre og Framstegspartiet, med formalisert støtte frå KrF og Venstre. Ei historisk hending for Norge og for Framstegspartiet. Vi registrerer at regjeringa vidarefører landbruks-og matdepartementet som eige departement. Odelsjenta frå Sunnmøre, Sylvi Listhaug (35), med politisk erfaring frå Oslopolitikken og med ideologisk forankring i FrP, er tildelt ministerposten for landbruks-og matdepartementet.
LISTHAUG FÅR ANSVAR for å følge opp dei måla som ligg i regjeringserklæringa. Vi minner den nye ministeren om at erklæringa er klar på at norske matprodusentar skal ha konkurransedyktige rammevilkår for etablering og produksjon.
DET ER POSITIVT å registrera at den nye ministeren uttrykker ei offensiv haldning til styrka økonomi og vidare utvikling av norsk landbruk. Ho peikar, med rette, særleg på behovet for betre rekruttering til landbruksnæringane. Eit godt utgangspunkt for politikkutforming og dialog med representantar for landbruket.
MANGE BØNDER kjenner likevel på ei stor uro i desse dagar. Kan ein feste lit til offensive utspel frå ein minister i politisk maktrus, eller er det framleis liberal politikk med svekka tollvern og avregulering som gjeld for høgrepartia? – No skal eg rundt i landet, gjere meg kjent med landbruksnæringa, og etablere samarbeid med bøndene og deira organisasjonar, lyder det frå Listhaug, på den første arbeidsdagen i ministerstolen. Positive signal, men utfordringa ligg i at ho skal selja inn ei rad utfordrande tiltak som ligg i regjeringserklæringa.
– ALLE VIL UTVIKLING, men ingen vil endring, heiter det. Medisinen frå regjeringspartia er endring så det held. I den samanheng sluttar vi oss til bondelagsleiar Nils Bjørke, når han understrekar at endringar må vera kunnskapsbaserte. Først fakta og analyse, så endring – om det trengs. Endring, bygd på ideologisk overtyding for ideologiens skuld, har historia dessverre mange dårlege døme på. På si reise rundt om i landet vil Listhaug møte ei næring som har effektivisert drifta med seks prosent årleg den siste ti-årsperioden. Var det nokon som etterlyste auka effektivitet?
MANGE HAR IKKJE MAKTA, eller prioritert, å henga med på dette. Andre har investert tungt, i tillit til stabile rammevilkår og folket sitt ønske om norskprodusert mat, no også i framtida. Det er å vona at reisa til ministeren vil realitetsorientere dei ny makthavarane, slik at dei innser at stabile rammevilkår, med mellom anna styrka tollvern og aktiv marknadsregulering er viktigare ord enn svekka grensevern og avregulering.
LANDBRUKET BØR i utgangspunktet søka ei konstruktiv samhandling med dei nye makthavarane, men setje klare krav for samarbeidet, vel vitande at ein har å gjere med ei mindretalsregjering. Stortinget stiller seg neppe bak den politikken som så langt er lagt fram. Meiner Listhaug alvor med auka lønsemd og styrka rekruttering, ventar vi ein anna medisin enn den som er skissert i regjeringserklæringa.

Eirik Stople