At Landbruksrådet i Rogaland forsvinn i den forma me kjenner det, slik Bondevennen skriv om denne veka, er knappast dramatisk. Ei heller at det slår seg i lag med Landbruksrådet i Agder, for så på nyåret å bli til eit «Landbrukssamvirket Sør».

Som overalt elles i samfunnet må kostnadar kuttast, også i koordinerande organ som Norsk Landbrukssamvirke, der dei regionale landbruksråda høyrer til. Ressursane blir færre og må utnyttast betre.

Jordbrukspolitikken dei siste tiåra er for lengst i ferd med å endra næringa sitt vesen: At den finst i heile landet.

Eller fanst. Som ein familie, når alt kom til alt: Frå toppane i samvirka og bondeorganisasjonane, via fylkes- og lokallagsplan, og bonden i fjøset, innom rådgjevaren og veterinæren, ja – til journalistane i Bondevennen: Alle var dei inntil ganske nyleg del av eit rikt heile som kunne takast for gitt.

Det kan det ikkje lengre. Landbruksrådet i Rogaland har fram til nå vore ein møteplass ikkje berre for Tine, Nortura og FKRA, men òg for andre aktørar som Sparebank 1 SR-bank, fjørfelaget og Norsvin. Etter nyttår er det berre dei tre samvirkegigantane som får vera med, med Bondelaget i sekretariat-rolla.

Det er synd, for eit mangfaldig Landbruksråd har tyngd når det kritiserer riving av kornsiloar i Stavanger, skipar konferansar eller støttar eit nytt faggrunnlag i påvente av revidert gjødselvareforskrift.

Nokon fallitt er desse endringane likevel ikkje. Det er å håpa at FKRA og det som er att av det regionale Tine og Nortura, akslar dei løfta som den nye eininga er meint å ta for landbruket i «Sør»: samvirke- opplæring, rekruttering, og tilrettelegging for møteplassar i næringa.

Omorganiseringa i Norsk landbrukssamvirke, så vel som i andre delar av landbruks-Noreg, er sjølvsagt berre eit svar på ei utvikling der familien blir mindre og ikkje lenger kan halda seg med like mange anlegg – eller tillitsvalde – som før.

Dramatikken ligg i spørsmålet om kor liten familien kan verta. Me veit at bøndene blir færre, også i Agder og Rogaland. Den realiteten påverkar, og vil påverka, heile «klanen», frå topp til grasrot. Kor sterkt kan slakteri og meieri sentralisera strukturen sin? Kor få medlemmar i eit produsentlag gir meining? Kor mange rådgjevarar trengst når minst 20 prosent av bøndene i Rogaland snart legg ned drifta*? Dette bør alle familiemedlemmane legga ein plan for. Jo før, jo heller.

*Ifølgje undersøking gjort av Landbrukspartnarskapen i Rogaland hausten 2022