Dei færraste trivst med uvisse og stor risiko, iallfall ikkje over tid. Med ønskje om eit godt liv søkjer me difor tryggleik og føreseielege rammer. 2020 har i så måte vore ein prøve for mange, anten ein merkte korona-viruset direkte eller indirekte.

Derfor gjekk det ikkje lenge etter at pandemien var eit faktum, og me byrja å innsjå at 2020 ville skilja seg ut, før me prøvde å forklara og rasjonalisera den plutselege og globale unnatakstilstanden. I det økonomien stupte og smogen over storbyane letta, lærte me mellom anna at det kinesiske ordet for krise òg tyder moglegheit.

Og sjeldan har vel diskusjonen om behovet for nye økonomiske modellar, for radikale klimagrep, grunnrenteskatt, borgarløn og høgare sjølvforsyningsgrad gått så høgt og med så sterk erkjenning av alvor, som i år. Mange undrast: Er det dette som skal til, ein pandemi, før verda tar til vitet og slår inn på ein annan og meir berekraftig kurs?

Diskusjonar av denne typen gir håp, men utfallet er langt frå gitt. Sjølv med vaksinar i vente, vil pandemien herja enno ei stund. At dei fleste tiltaka for å bøta på krisa berre byr på meir av den gamle vekstmedisinen, gir også grunn til atterhald. For korkje klimakrise, naturforfall eller skeivfordeling av makt og ressursar kan løysast ved å skru opp att til den farten verda haldt fram til i fjor – eit råkøyr det berre skulle ei lita flaggermus til for å bråstoppa.

Og like fullt lever håpet. Kanskje kjem me litt klokare og litt meir audmjuke ut av dette, på andre sida.

Utan å underslå alvoret som har ramma millionvis av menneske, er det iallfall grunn til å vera forsiktig vonefull på vegne av norske bønder. Som fleire av dei Bondevennen har snakka med påpeiker i denne årets siste utgåve, har forståinga for kor viktig vår eigen matproduksjon er, gått opp for mange i det siste.

Det er å vona at denne innsikta snart blir omsett til eit folkekrav om ein ny politikk for høgare sjølvforsyningsgrad, fleire bønder på alle typar bruk og, ikkje minst, for ei bondeinntekt det går an å leva godt av.

Såleis er det også å vona at 2020 har sett mot nok i bøndene og deira organisasjonar til å stå endå hardare på nett desse krava i året som kjem.

Bothild Å. Nordsletten