På Sørlandet rekrutterer ein no 15 pilotbruk med mjølkebesetningar på mellom 15-30 kyr som vil byggja nytt eller bygga om til lausdrift. Bondevennen gir dette arbeidet tommel opp.

Interessa blant røkterane i dei 225 båsfjøsa som er att i dei to Agder-fylka, er det lite å seia på. Heile 60 personar var til stades på fagdagane om satsinga, i Tine og fylkesmannen sin regi, tidlegare denne månaden. Nå blir det ein jobb å gjera for dei som skal plukka ut dei 15 som får dekka kring halvparten av utgiftene til rådgiving i samband med byggeplanlegginga.

Initiativet kjem i kjølvatnet av at Innovasjon Norge nå signaliserer prioritet til støtte for investeringar i mindre mjølkefjøs. Samstundes har me sett at produksjonstilskotet til dei første 25 kyrne har blitt auka gjennom jordbruksavtalen. Med andre ord, det er politiske vilje til å styrke økonomien på små og mellomstore mjølkebruk.

Moglegheitene kjem i siste liten, etter år med strukturendringar og nedlegging av mindre bruk. Men å vera med å stoppe utviklinga ved å byggje eit nytt lausdriftsfjøs til 20 kyr til den nette sum av, lat oss seie fem millionar kroner, er eit formidabelt løft. Eit investeringstilskot på 30 prosent, 1,5 millionar kroner, er eit avgjerande bidrag til at nokre i det heile vil vurdere å ta det store steget på sin gard. Særleg om bruket har noko gjeld i frå før, slik gjerne realiteten er.

Billegare løysingar enn det ein vil få om ein skalerer ned 60-kyrs fjøs, blir ein del av pakken. Skal fjøset bli lønsamt, må bonden vera viljug å gå ned ein del på standard og krav, medan leverandørane av innandørsmekanisering må sjå nytta av å engasjera seg i mindre prosjekt, sjølv om profitten er lågare enn i eit større bygg med alt utstyr inkludert.

I landbruket er det ikkje utsiktene til lettente pengar med avgrensa arbeidsinnsats som ligg til grunn for investeringane. Lausdrift høyrer som kjent med til framtida sine krav. Mjølkeroboten gir auka fleksibilitet og meir trivnad for familien i kvardagen. Saman med greie tekniske løysingar på plass i eit nytt fjøs, blir arbeidet som følgjer med det å driva gard med mjølkeproduksjon, lettare.

For dei fleste vil eit nytt 25-kyrs fjøs først gå i hop økonomisk om familien hentar inn ei lønsinntekt utanom bruket. Er bonden åleine, vil ho eller han mest truleg måtta gå på arbeid i tillegg. Det treng sjølvsagt ikkje vera negativt, om drifta ikkje er meir omfattande enn 20-25 kyr.

Me håpar Tine, fylkesmannen og dei 15 pilotbruka finn lønsemd god nok til å gå vegen frå planar til realisering, og at den geografiske spreiinga og smitteeffekten på Sørlandet blir god.

Norge treng fleire mindre mjølkebruk som tilfredsstiller krava til bøndene, kyrne og ressursgrunnlaget. Då ventar me at politikarane syter for at byggehalmstrået som no byr seg, ikkje er eit kortsiktig blått blaff.

Sjur Håland