bv44_leiar

Alle arbeidsplassar får tilsyn no og då, det bidreg til å oppretthalda eit velregulert samfunn. Private føretak så vel som offentlege institusjonar blir gått etter i saumane. Gardsbruk er ikkje noko unnatak. Tilsyn passar ofte dårleg inn i fullpakka arbeidsdagar. Det er tidkrevjande og omstendeleg. Og det kan vere ei påkjenning, sjølv når alt er på stell. Dei fleste er likevel samde i at tilsyn er av det gode. Dei mange tilsynsorgana forvaltar lovar og reglar til fellesskapet sitt beste. Takka vere kontroll og tilsyn får me uting som svart arbeid, rekneskapsjuks og dyremishandling opp i dagen.

Bonden er underlagt ei mengd tilsyn. I førre utgåve av Bondevennen skreiv me om Mattilsynet og Dyrevernnemnda. Tilsyn eller kontroll blir også utført av el-tilsynet, branntilsynet, fylket og kommunen sine landbrukskontor og miljøavdelingar, arbeidstilsynet, landbruksdirektoratet og næringa sine eigne KSL-revisjonar. Ja, eit eige dyrepoliti kan no også dukka opp, om ein bur i Rogaland. Tillit mellom tilsyna og bonden er grunnleggande viktig for å styrke god forvalting av lovverket. Men av og til er det nettopp her det skjer seg.

Historiane handlar om bønder sine opplevingar av einskilde revisorar utan naudsynt kompetanse. Om tilsynsfolk som er høge på den autoriteten tittelen deira gjev. Dei handlar om tilsyn som plutseleg dukkar opp og som utan å helse eller legitimere seg, dreg på seg vernedressen og trampar inn i fjøset. Fleire bønder reagerer på firkanta regelrytteri utan forståing for dei organiske og dynamiske prosessane som styrer gardsdrifta. Dei stussar over standardiserte skjema utan rom for omtale av det positive i drifta. Over feiltolkingar som blir ståande i rapporten, som ein dag ligg i postkassa – så vel som i «systemet». Nokre bønder opplever ein mangel på folkeskikk som ingen skal måtte akseptera på privat grunn.

Det handlar sjølvsagt også om tilfelle av bra og dårleg personkjemi, men når ord som «Firarbanden» (fleire tilsyn samstundes) og «raid» går igjen, vitnar det kanskje om eit uvesen av relevant omfang. For bonden som meiner seg urettferdig handsama, er klageretten ein viktig ventil, som truleg kunne nyttast oftare. Men den løyser ikkje alt. For til skilnad frå seksjonsleiaren i eit departement eller ein Key Account Manager i eit privat selskap, har ikkje bonden ein linjesjef eller HMS-ansvarleg å vende seg til. I vakuumet etter eit uventa tilsyn, som ikkje gjekk som det skulle, kan bonden stå nokså aleine att i gardsrommet. Fornedra og mistenkeleggjort. Forvirra, bitter og makteslaus. Slikt borgar ikkje for tillit. Slik styrker ikkje det samarbeidet forbrukaren set sin lit til.

Garden er ei bedrift og bonden sin arbeidsplass. Men det er også livsverket hans, slektshistoria og heimen. Dette veit tilsyna. Høvisk framferd, diplomatiske og pedagogiske evner burde i tillegg til fagkompetansen difor vera ein føresetnad for tilsynsjobben. Medmenneskeleg takt og evne til å tala bondens språk kjem ein også langt med.

Inga er perfekt. Det må vera lov å gjera feil og det må gjevast rom for forbetring. Mattilsynet har i lengre tid lova bot og betring i kjølvatnet av negative tilbakemeldingar etter gardstilsyn. Det er bra. Når historiane om leie opplevingar framleis verserer, bør dei streba ennå hardare for å nå målet. Ingen som driv skikkeleg, skulle måtte frykta tilsyn.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten