Eld, jord, luft og vatn. Utan desse hadde me vore sjanselause i det Første Mosebok omtalar som eit opphaveleg tomt mørkre. Og menneska har då i alle tider også vore smarte til å utnytta det den greske filosofen Aristoteles kalla dei fire elementa.

I dagens oljefyrte verdsøkonomi er det lett å oversjå det, men alt, naturen, menneskelivet, ressursgrunnlaget og sivilisasjonane er, som det alltid var, prisgitt sola, regnet, fotosyntesen, jordsmonnet og vindane.

Det har på mange vis vore ein fantastisk augneblink i menneskehistoria, men den knapt 200 år gamle oljeøkonomien er alt på hell. Og det må den vera. Ikkje fordi me har gått tom for det forhistoriske solskinet som er lagra i jordskorpa over millionar av år. Men fordi me veit at den petroleumsbaserte velstandsauken held på å gjera jorda tommare og mørkare for alt og alle som kjem etter oss.

Anten me vel å innsjå alvoret nå, eller nøler til den globale oppvarminga stig med to-tre omkalfatrande grader, står samfunna våre andsynes omveltingar utan sidestykke. Og til støtte for føre varprinsippet, har me nå meir kunnskap og avanserte prognosar enn nokon gong før, som grunnlag for å fota oss fram lettare og klokare.

Første bod inneber eit mentalt skifte, der me justerer forventingane våre til kva ‘vekst’, ‘utvikling’ – ja, sjølv ord som ‘betre’ må vera.

Så hastar det å endra handlemønstra: måten me forbrukar på, og mengda – ikkje minst energi. Og det er det det handlar om i denne utgåva av Bondevennen. For bonden er både storforbrukar og storforvaltar av energi, anten han fyller diesel på traktortanken, skrur på brytaren for varme til hønene – eller ho steller kulturlandskapet så kyrne kan bidra til både fotosyntese og albedoeffekt, (refleksjon av solstråler frå opne landflater).

Til grunn for den veksande interessa for fornybare energikjelder blant bønder ligg nok både høge straumprisar og ønske om å bidra til det såkalla grøne skiftet. Gledeleg er utviklinga, uansett, og av fleire grunnar: Solceller, vindturbinar og vasskraft er ikkje utan klima- eller natur-avtrykk, men dei er truleg mindre skadelege enn olje og gass. I tillegg er eigne opplegg for energitilførsle klok bruk av gardens eigne ressursar, anten du haustar vinden, vatnet, sola, gjødsla eller skogen. Det kan gjera deg meir sjølvstendig – og mindre sårbar. I ein uføreseieleg kraftmarknad, i ei uroleg verd, er ikkje det å kimsa av.

Så er det då berre å gjera som bønder alltid har gjort – å demma opp, reisa møllene og flisa opp skogen? Sjølvsagt ikkje. Bonden deler landskapet med fleire enn buskapen, og mange vil ha eit ord med i laget. Og, som me skriv om på dei neste sidene, held ikkje alltid byråkrati og regelverk tritt med omstillingsivrige bønder.

Bondevennen oppmodar bønder, byråkrati og fornybarnæringa om å samarbeida tett om det som må bli morgondagens energiløysingar. Undervegs inviterer me deg med på ein status-sjekk hjå bønder som det nesten slår gneister av.

Bothild Å. Nordsletten