Nye nordiske kosthaldsråd er i emning. Råd som etter kvart kan bli offisielle også i Noreg. For første gong skal dei inkludera omsynet til berekraft. Altså at maten ikkje berre skal vera bra for helsa, men òg bra for klima og miljø. I utgangspunktet ein god idé i tråd med utfordringane i samtida. Men prosessen så langt har fått aktørar i landbruksnæringa til å mumla om eit mogleg paradigmeskifte for nordisk matproduksjon. Då er det verkeleg grunn til å spissa øyrene.

Til å utarbeida berekraftsråda har nemleg Nordisk Ministerråd hyrt inn mellom andre to britiske forskarar frå den velrenommerte tankesmia Chatham House. Skal me tru kritikken som har kome frå dei store nordiske bondeorganisasjonane, Norges Bondelag inkludert, har vedkomande korkje innsikt i nordiske naturgitte- eller politiske føresetnadar for matproduksjon. Dei to står også for ei radikal omlegging av matsystemet, inkludert ein sterk reduksjon av animalsk kost.

Bondeorganisasjonane reagerer på det dei tolkar som forskarar med ideologisk slagside. I eit skarpt brev til Nordisk Ministerråd forklarer dei korleis eit radikalt skifte i matsystem og kosthaldsråda vil ha store konsekvensar for matsikkerheit, sjølvberging, bruk av lokale ressursar, naturmangfald, økonomi og sysselsetting i dei nordiske landa. For sunne sydenfrukter og langreiste bønner har kanskje eit mindre klimaavtrykk enn lokalprodusert kjøt og ost. Men dei kan ikkje produserast korkje i Rovaniemi eller Oppdal. Her ligg forholda best til rette for husdyr, ikkje minst dei som nyttar graset. Med kosthaldsråd slik Nordisk Ministerråd no peiker mot, kan me truleg gløyma målsettinga om landbruk i heile landet.

Noreg har presidentskapen i Ministerrådet ut året. Den korte tida som er att bør nyttast til å opna opp om den pågåande prosessen, samt til å inkludera fagmiljø med kunnskap rota i nordisk jordsmonn. Alle sektorar, også jordbruket, må ta omsyn og endra seg i ei verd med villare klima og utarma natur. Men i motsetnad til den retninga som Nordisk Ministerråd så langt har peikt i, må utgangspunktet vera ei ennå betre utnytting av lokale ressursar. Ikkje dei frå andre sida av verda.

Diverre kan signala frå Ministerrådet gi næring til dei med fordommar om bønder som klimasyndarar og dyreplagarar. Me set vår lit til at Bondelaget og deira nordiske systre får Ministerrådet på rettare kjøl. I mellomtida bør også bønder på lokalplan engasjera seg. Mange er svært opptatt av kosthald, men manglar kunnskap om korleis maten blir til. Her har norske bønder, så vel som dei i Rovaniemi, ei stor formidlingsoppgåve framfor seg.

Bothild Å. Nordsletten