image description

Rettferdig er eit stort ord som dei fleste av oss behandlar med varsemd. Ordet ligg på nivå med sanning, som i antikken gjerne blei karakterisert som ein dyd. Ei klassisk tilnærming til ordet rettferdig er ein situasjon der alle mottar det dei fortener. Vel vi ei moralsk tilnærming blir rettferdig tolka som den type forhold der mennesket blir behandla på ein rimeleg måte og i samsvar med moralske prinsipp.
 
Kven har definisjonsretten til ord som rettferdig? Det handlar om maktspråk. Siste ord er sagt. Ingen kan, eller bør, vera usamd i noko som er rettferdig. Dette veit retorikaren Sylvi Listhaug. Difor omtalar ho sjeldan landbrukspolitikken utan å forankra den i setninga; fordi det er rettferdig. Slik gjer ein seg ufeilbarleg.
 
Kva meiner ein då med rettferdig i landbrukspolitikk? Den enkle samanhengen er at jo meir ein produserer jo meir skal ein motta i økonomisk støtte. Avisa Nationen synleggjer ekstremutslaga av politikken, konkretisert ved Elstøen Gartneri AS. For 2015 har bedrifta eit budsjett på pluss fire millionar kroner, den har 100 fast tilsette og 150 sesongarbeidarar, disponerer 3.000 dekar og vil få utbetalt 1.404.700 kroner i statsstøtte, – fordi det er rettferdig. Lat det vera sagt, her er det politikken og ikkje legaliteten til bedrifta vi stiller spørsmål ved.
 
I ei norsk verkelegheit har utjamning og distriktspolitikk gitt føringar for innrettinga av landbrukspolitikken. Referansebruka, med mål om økonomisk likskap mellom produksjonane og distrikta, har vore referansen for kva som blir oppfatta som rettferdig. Vi ser nå ein politikk som sprenger dei tradisjonelle rammene. Referanse til lønsevne per årsverk blir utfordra av AS landbruket. Ny politikk krev ny verktøykasse for utmåling av kva som gir politisk legitimitet og aksept innafor næringa.
 
I årets krav og ramme til fordeling ved jordbruksforhandlingane frå Norges Bondelag og Norges Bonde og Småbrukarlag, ser vi fotavtrykk etter regjeringa sin politikk. Taket for husdyr og arealtilskot er vesentleg løfta i forhold til krav 2014 og er nå; 400 dekar grønsaker, 100 dekar frukt, 200 dekar bær, 100 mjølke- og ammekyr, 500 storfe og 400 vfs sauer. Jamført med at regjeringa fjerna taket i 2014 oppgjeret vil nokon seie at dette er å reversere politikken, eller omkamp om du vil.
Faktum er at dei aller fleste bruka i Norge ikkje blir ramma av det nye taket. Det er, i følgje Bondelaget, berre snakk om 100 – 150 bruk som får avgrensing. Nemnte endring frå faglaga er ei justering i retning av Listhaug si tenking om kva som blir oppfatta som rettferdig. Endringa er ein aksept for at vi treng ein politikk som stimulerer til stor volumproduksjon og som tilpassar seg den verkelegheita norsk landbruk er på veg inn i.
 
Vi legg merke til at grovfôrbaserte produksjonar og korn styrkjer sin sterke politiske status, medan dei kraftfôrbaserte produksjonane må leva av dei inntektene marknaden gir. Dette utfordrar svine- og fjørfeproduksjonane, men er i samsvar med målsettinga om auka sjølvberging og aktivt landbruk i heile landet.
 
Vi sluttar oss til at ramma er moderat. Stortinget gav i fjor klare føringar for at jordbruksavtalen har eit nivå som det politiske fleirtalet i Norge aksepterer.

 

 

Eirik Stople