image description

 

Førebygging handlar om å gjere tiltak for å hindre ei negativ utvikling.

– Hvordan den enkelte produsent legger opp det forebyggende arbeidet på sitt bruk, er det som vil avgjøre om vi kommer til å vinne kampen mot LA-MRSA bakteriene i Norge, skreiv regiondirektør i Mattilsynet, Hallgeir Herigstad, i artikkelen, Kampen mot MRSA, i Bv nr 38.

Kampen om god helsestauts i husdyrhald er utfordrande. Bakteriar og virus er usynlege fiendar som kan vera til stades over alt. Viruset sin biologi og angrepsvåpen er så komplisert at det er til å bli svimmel av. Bakteriane framstår som meir konkrete individ, og med antibiotika i kofferten kan, eller rettare sagt kunne, veterinærane opptre som trollmenn. Men så har altså naturen gjort nokre smarte grep og utvikla resistens mot penicillin og andre antibiotika. Difor må ein, i endå sterkare grad, tenke førebygging for å halde MRSA-bakteriane borte frå norske svinebesetningar.

Å førebygga er ei kunnskapsbasert handling, der ein både kjenner årsaka til utfordringa og veit kva tiltak som verkar. I vitskapsteori er dokumentert samanheng mellom årsak og verknad grunnleggande for om ein har tillit til, eller forkastar, ein teori.

Førebygging krev kunnskap og innsikt i det ein held på med. Og at ein orkar. Det kan jo gå godt sjølv om ein tek snarvegar. Over tid, er førebygging å sjå på som ei investering, det svarar seg.
Førebygging gjeld på dei fleste livsområde. Alternativet er ei la det skure-haldning. Resultatet av det blir fort behov for å reparera. Eit dyrt og langt mindre effektivt alternativ.

I dei store samfunnsspørsmåla som folkehelse, fattigdom og klimautfordringar gjeld dei same mekanismane som i biologien. Det er snakk om årsak og verknad. Ein kan velja å la det skure, og la utviklinga fritt gå sin gang. Eller at vi har politikarar som står opp for kunnskapsbaserte avgjersler, tufta på ei fri og uavhengig forsking.

Kva er det med førebyggingsarbeidet som irriterer oss? Det ligg noko klamt og livsfornektande i omgrepet. Vi likar å ture fram, utan å tenke konsekvens. Evna til å tenka langsiktig er truleg svekka av velstand og gode dagar. La det skure-kulturen høver som hand i hanske med ein populistisk politikk som er karakterisert av forakt for regulering og lite interesse for konsekvensvurdering. Resultatet ser vi når naturen melder tilbake om at nok er nok.

 

Eirik Stople