Forhandlingsinstituttet er ikkje ferdig

7. februar 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

– Eg ser føre meg at årets jordbruksoppgjer skal bli eit svært godt jordbruksoppgjer.

Sa landbruks- og matminister Geir Pollestad på Varhaug-møtet. Det var måndag kveld. Torsdagen etter gjekk Senterpartiet hans ut av regjering, og jærbuen var ikkje lenger statsråd.

Pollestad skal ha takk for sitt bidrag til å løfta landbruksdebatten fleirfaldige hakk. Han kan- og er genuint interessert i feltet – til skilnad frå fleire forgjengarar.

Som minister har han lansert ein opptrappingsplan. Gjennomført fleire lovande jordbruksoppgjer. Levert ei ny gjødselforskrift og ei ny dyrevelferdsmelding. I tillegg har han kjempa kompromisslaust for pelsdyrbøndene sine rettar då dei måtte avvikla.

I det Senterpartiet var på veg ut or regjering budde Pollestad seg på ein ny runde om talgrunnlaget og på vårens jordbruksoppgjer.

Så kva no? Greier dei grøne kløverane på Stortinget å sikra eit talgrunnlag som gir bøndene trua? Kan jordbruksoppgjeret blir svært godt utan Pollestad i ministerstolen? I skrivande stund er også arvtakaren hans ukjent.

Innfor vårvinna og etter fleire turbulente år hadde bøndene fortent ein meir føre­seieleg horisont. Diverre er det lite som tyder på at dei får det.

– Eg trur ikkje landbruksoppgjeret har stått på så vaklande grunn på lang, lang tid, sa leiar i Noregs Bondelag Bjørn Gimming på same møte i Hå.

Han siktar til særleg FrP, men òg Høgre, dei to partia som kan få makta til hausten. Og som signaliserer at dei vil sjå på, endra eller avvikla forhandlingsinstituttet. Etter 75 år med tingingar mellom stat og bønder meiner dei praksisen skrantar.

Det har dei jo rett i. Det har vore- og det er mykje brot og bråk.

Og sjølv om Gimming har rett i at forhandlingsinstituttet vaklar, så bør også påstanden hans om at det har tent bøndene vel tola å diskuterast.

For Gimming meiner neppe det er ein suksess når talet på bønder  i same tidsrom har stupt frå eit par hundre tusen til 37 000. Eller at sjølvforsyningsgraden har hamna på global jumboplass. Som tilfelle jo er.

Men det meste kan reparerast. Berre fordi forhandlingsinstituttet vaklar, må det ikkje plent rivast ned. Bondevennen meiner Jonas Andersen Sayed, Rogaland KrF sin førstekandidat til Stortinget, sa det godt under Varhaug-møte: – Me får ikkje ein betre landbrukspolitikk og klarar ikkje nå måla for auka sjølvforsyning med å gå vekk frå forhandlingsinstituttet.

Me ser heller ikkje korleis ein krympande bondestand skal kunne hevda seg og legga politikken til rette for både lønsemd og auka matproduksjon, utan ei hand på rattet. Slik dei direkte forhandlingane med staten gir høve til.

Og ei hand på rattet inneber altså ikkje at bøndene må forhandla som om ein sat i eit glashus. Krevja berre det ein trur ein kan oppnå.

Eller tvihalda på ordningar som ikkje funkar’. Tvert om.

Etter vonleg å ha sikra eit skikkeleg talgrunnlag må bøndene forhandla som om det stod om lagnaden til norsk matproduksjon. For det gjer det. Det gjorde det med Pollestad. Og det gjer det ikkje i mindre grad med ei blåblå regjering i horisonten.

DEI SISTE LEIARANE:

Enkelt, eigentleg

Enkelt, eigentleg

Det er med jordbrukspolitikken som med så mange andre politikkområde. Måla ein skal nå ligg som oftast langt framme. Ofte er dei ambisiøse. Tenk netto null-utslepp i 2050. Og ofte er dei urealistiske. Tenk netto null-utslepp i 2050. Det finst jo ingen plan for vegen fram dit.

Syttende maj

Syttende maj

Wergelands-statuen syttende maj
togene hilste. Og som det siste,
takt-fast og langsomt,
arm i arm mænnene, kvinner med blommer,
bønderne kommer, bønderne kommer.

Balansegjødsling 2.0

Balansegjødsling 2.0

​Dei fleste bønder tar nok for gitt at «balansegjødsling» inneber å gjødsla i balanse med avlingane du haustar. Slik har jo prinsippet vore meint sidan fosfor­norma vart justert i 2008.