Under pandemien fekk helsepersonell landet over applaus. Denne våren bør norske forbrukarar og rikspolitikarar stå ved jordene og servera trampeklapp når bøndene gjødslar og sår.

Sør på Jæren ligg alt tidleg-gulrotfrøa og godgjer seg under plasten. Dei første tidlegpotetene er sette. Det er ikkje mange vekene før graset er i god vekst og kornet skal i den svarte, råkalde jorda. At dette skjer med dei innsatsfaktorane som trengst, nærast automatisk, er ikkje lenger sjølvsagt. Alt me har rekna for føreseielege og sikre leveransar og global handel med energi, råvarer og mineralgjødsel, er alt anna enn trygt og føreseieleg lenger.

Med Russland sitt brutale åtak på nabolandet Ukraina 24. februar, opplever Europa og faktisk heile verda den største krisa sidan andre verdskrigen. I eit par uverkelege veker prega av uvisse og tidvis direkte frykt, er det sterkt og svært gledeleg å oppleva at store delar av verda saman med det overveldande fleirtalet i FN, står saman i fordøminga av dei destruktive kreftene i den russiske leiarskapen som er ansvarlege for død og ufattelege lidingar blant det ukrainske folket.

Nyheitsbiletet endrar seg for kvart minutt. Det går føre seg kampar rundt atomkraftanlegg. Me veit ikkje kva som skjer neste sekund. Ei våpenkvile kan alt vera på plass når du les denne teksten. Mest truleg er det ei ønsketenking. Krigen kan bli langvarig. Også Norge må bu seg på ei røynd utan råvarer frå Russland og truleg sterkt redusert tilgang på kornråvarer frå Ukraina. «Krigen set global matproduksjon under press og det vil bli høgare prisar og verre å få tak i matkveite », seier bondelagsleiar Bjørn Gimming til NRK.

I lyset frå mørkret under den europeiske himmelen skal jordene gjødslast og kålplantene setjast i jorda hjå bønder her i landet som alt har vore sveltefôra over tid, og som har vore under eit særleg stort økonomisk press det siste året grunna den ekstreme kostnadsauken.

Landbruket sjølv har gjennom åra påpeika at Norge, med ei sjølvforsyningsgrad på 40 prosent, korrigert for importerte kraftfôrråvarer, er milevis unna å vera i stand til å brødfø eiga befolkning med norske ressursar. Nå reknar me med at også styresmaktene opnar augo for at det kan koma til å spøka for mattryggleiken. Det er opplagt at regjeringa under vårens jordbruksoppgjer legg det som må til på bordet for 2022 saman med eit 2023-rammeverk, med midlar som sikrar bøndene akseptabel lønsemd for alle produksjonane, og som sikrar at det blir interessant å dyrka meir av både mat- og fôrkorn.

Det er to månadar til jordbruksoppgjeret kan landast. Det er lang tid, gitt den uroa som nå rår. Me sluttar oss difor til oppmodinga frå FKRA-nestor Jens Randby, som i denne vekas Bondevennen tek bladet frå munnen og seier at «det som er viktig nå er at bøndene får klare politiske signal om at dei halda fram med å gjødsla optimalt og produsera mat.»

Ryggdekking, etterfølgt av pengar, med andre ord.

Sjur Håland