Først tre månadar inn i den verste tørken på over 100 år tok statsminister Erna Solberg turen ut i den solsvidde åkeren til ein fortvilt bonde. Ho kom, såg – og saman med landbruksministeren fråskreiv ho seg ansvar. Ingen krisepakke til bøndene, iallfall ikkje med det første. Lat oss vente og sjå kor ille det blir, var meldinga.

Bodskapen er eit kjøleg, politisk signal overfor kriseråka bønder som kunne trengt ei utstrekt hand.

For bønder med hjarta i Høgre og FrP vil nok svaret frå regjeringa mana til politisk sjølvransaking.

For ein landbruksminister frå eit parti som ikkje godtek at klimaendringane er menneskeskapte, verkar ekstremvêret å ha vore ei politisk gåve. Haldninga tykkjest å vera denne: Bøndene som greier seg gjennom krisa, får vera med vidare. For dei andre er det over og ut. Klinten kan skiljast frå kveiten.

Bondeorganisasjonane kjempar no for at så ikkje skal skje. Dei må ikkje fire på krava. Ei krisepakke må til, både for å dekka inn nokre av dei store ekstrakostnadane tørken påfører næringa, og for å hjelpa bønder som er nær ved å gi opp.

Landbruksministeren har sjølvsagt rett i at me ikkje veit korleis avlingane blir til slutt. På Jæren og delar av Vestlandet ser det heldigvis lovande ut for tredjeslåtten. I aust og sør er uåret likefullt ei kjensgjerning.

Fôrjakta som er i gang bør uansett gi støyt til ein større debatt om sjølvberging og beredskap. Trass årevis med åtvaringar om klimatiske overraskingar tykkjest det ikkje å ha eksistert kriseplanar innfor denne sesongen. Det heng bokstaveleg tala ikkje på greip når det verkar lettare å importera spansk fôr enn å frakta trøndersk halm til Agder. Import-fôret kjem nok godt med, men er ei lunefull velsigning, når risikoen for smitte følgjer med på lasset.

Krisa tydeleggjer at me ikkje nyttar eigne ressursar godt nok. Uroa bønder blir no rådde til å skaffa seg oversikt over eigne fôrlager- og behov. Det bør Mor Noreg også gjera. Store fôrskattar ligg ubrukte i utmarka og som resultat av sløv handheving av driveplikta. I tillegg finst det ei mengd underutnytta eller uforløyste restprodukt å ta av. Smartare politikk og smart teknologi er nøklar inn til desse skattane.

Medan bonden har ansvaret for drifta av eige bruk, er det regjeringa som rår over garden Noreg. Det ansvaret får dei ikkje skyva frå seg.