Så er fylkesårsmøta Vestland, Agder og Rogaland Bondelag overstått. I Agder får Knut Erik Ulltveit sin sjette periode i leiarsetet. Han lovar eit sterkt og offensivt fylkeslag i sør.

I Vestland er Anders Felde takka av etter nesten ti år som markant leiar, først i Sogn og Fjordane, deretter i det samanslåtte nyfylket. Med einstemmig tilslutting i seglet tar Gry Ingvild Agjeld over roret og peilar seg inn mot to hovudsaker: Inntekt og mjølk.

Som siste i rekka takka Rogaland førre helg av Marit Epletveit etter sju års stødig leiarskap. Ståle Hustoft tar over og seier han vil stå på for mellom anna inntektsutjamning og betre velferdsordningar.

Når Hustoft tiltrer, er det etter ei småamper årsmøteoppkøyring. Eit stykke på veg illustrerer den kva både han og dei andre styra i sørvest, så vel som sentralt, må hanskast med i tida som kjem.

Stikkord: Svinnande tolmod. Og ein av dei utolmodige er Sven Martin Håland. Utolmodige er truleg dei nye fylkesleiarane også, men så langt er det Håland som har resultat å syna til. Som ein av initiativtakarane til bondeopprøret har han til dei grader løfta inntektsspørsmålet på dagsorden.

Medan opprørsfellane Arne Manger og Tor Jacob Solberg har fått posisjon som omsynsvis nestleiar i Innlandet Bondelag og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, lukkast ikkje mobiliseringa for eit benkeforslag for Håland mot Hustoft. Ein kan mislika konfliktpotensialet i ein slik prosess, eller utfallet, men benkeforslag er eit legitimt verkemiddel i organisasjonsdemokratiet. Og konflikt treng slettes ikkje vera eit vonde. Tvert om. Ført med skikkelege midlar kan konflikt vera fruktbart, fordi det avklarar prinsipp og tilfører dynamikk.

Uansett utgjer dei som støttar Håland i Rogaland, eller som står for større endringar enn det Bondelaget til nå gjer, ein del av medlemsmassen som nye og attvalde leiarar må inkludera. I utforminga av den heilt nye kursen som er lova for jordbruket, er opposisjon og ordskifte vesentleg. Eller litt «rabalder», som Bjørnstjerne Bjørnson skreiv i vårløysingsdiktet «Jeg velger meg april». Det same diktet som held fram at «Fred er ei det beste, men at man noget vil».

Og nett nå er det mange som vil endring. Det er eit godt utgangspunkt for å lukkast. Dyrk det.

Bothild Å. Nordsletten