To tilfelle av fugleinfluensaviruset er registrert på daud kortnebbgås, saman med eit utbrot av fugleinfluensa i ein fuglepark på Jæren. Det er meir enn nok til å setja ein alvorleg støkk i fjørfenæringa og i landbruket elles i heile landet.

Fjørfeprodusentane i Rogaland, og særleg på Jæren, har vore ekstra på tå hev sidan første tilfellet dukka opp i Sandnes 27. november.

Med koronapandemien som bakteppe, treng ikkje lenger landbruket å frykta for å bli møtt med eit skuldertrekk, når det gjeld å forklare kva som står på spel. Nå veit me så alt for godt om kva eit sjukdomsframkallande virus er i stand til å øydeleggje av liv, helse og økonomi. Det høgpatogene fugleinfluensaviruset, som nå er registrert i viltlevande fugl for første gong i Norge, er ikkje mindre enn ein potensiell katastrofe for det norske landbruket. Sjølv om dette viruset ikkje ser ut til å kunna smitta frå dyr til menneske, vil eit utbrot i yttarste konsekvens kunna råka norsk matproduksjon så hardt at det også vil merkast i ute i butikkhyllene.

Rogaland har drygt 300 føretak med slaktekylling og eggproduksjon. Dei fleste er plassert på Jæren, som er rekna som det mest husdyrtette området i landet. Her ligg i tillegg tre rugerier med nøkkelfunksjonar også på nasjonalt nivå.

Eit døme på kor lite som skal til før ein gard og alt av drift innan tre kilometer radius blir bandlagd: Du hentar barnet ditt i barnehagen. Barnet har vore saman med eit anna barn der dei har hobbyhøns som går ute. Virusinfisert avføring frå den opne hønebingen blir med under dine eller ditt barn sine sko heim til din gard med egg- eller slaktekyllingproduksjon. Då må rutinane på garden vera pottetette for å unngå at virussmitten blir med inn i hønehuset.

Me kjenner ikkje dei neste vekene, men det er vel dei færraste som trur at dei tre tilfella med fugleinfluensa, som i skrivande stund er registrert, vil vera dei einaste. Ingen veit kor omfattande smittenivået er og korleis smittetrykket vil bli. Heldigvis er den kommersielle fjørfenæringa svært godt budde på å stå i mot det virusåtaket som nå kan vera i kjømda. At Mattilsynet var raskt ute og innførte portforbod for fjørfe i risikoområde langs kysten, var eit heilt naudsynt grep.

Fjørfenæringa er godt rigga for å unngå smitteutbrot. Kanskje me kan seia at innan landbruket, er bøndene med høns og kylling best i klassen på smittevern. At produsentane alt har dei best tilgjengelege verktøya for å stoppa eventuell smitte, og at dei er sterkt motiverte til å følgja smitteverntiltaka til punkt og prikke, skal me andre vera svært glade og takksame for desse dagane.

Føresetnaden for at det skal enda godt er at alle som er i nærkontakt med det norske landbruket praktiserer det me har lært om smittevern dei siste ni månadane. I tillegg må absolutt alle med hobbyfuglar følgja Mattilsynet sine føresegner.  

Sjur Håland