Skal eng med fleirårig raigras på Jæren reknast som eit risiko-grasslag? Signal frå fylkesmannen i Rogaland tyder på at tilskotet til reparasjon av vinterskadd eng, innehaldande fleirårig raigras, blir redusert. Det er ei haldning og eit signal frå styresmaktene til dei råka bøndene, som det murrast kraftig over utover Jæren akkurat no. Det er ikkje så rart.

Så lenge det fins ei ordning med reparasjonstilskot av vinterskadd eng, må fleirårig raigras inkluderast. Fleirårig raigras har vore dyrka på Jæren og i andre grasklima-venlege område i Rogaland i meir enn 30 år. Raigras er yterikt, og gir i normalår tre gode slåttar med grovfôr av god kvalitet. Sortane har opp gjennom åra blitt meir vintersterke, og overvintringa er normalt god. Dyrkinga av raigras har gjennom alle år skjedd i samråd med det som i dag heiter Norsk landbruksrådgiving. Frø-importørane tar inn dei mest vintersterke sortane – og det blir også dyrka norsk frø av fleirårig raigras.

Situasjonen i år er ekstrem. Jamfør gardsreportasjen hjå Trond Lode i dette nummeret av Bondevennen. Han har sådd i alt arealet på garden sin, og set si lit til ein god vekstsesong. Det er verdt å merke seg at Trond, saman med dei fleste andre kollegar på Jæren, har sådd i raigras. Eitt- toårig og fleirårig. For å få maksimal avling ut av ein vekstsesong som er monaleg redusert.

Blåbærlyng, juletre, eldgamle einerbusker og hagevekstar har ikkje greidd siste vinteren. Det har heller ikkje raigraset. Hjå Trond Lode hadde også engsvingelen tapt kampen mot vinterens og vårens herjingar.

Dei siste vintrane på Jæren har vore ekstreme. Våren 2011 var også prega av at overvintringa var dårleg. Det var behov for å vedlikehaldsså den skadde enga. Bøndene valde fleirårig raigras. – Det var ein heilt rett strategi, seier jordbrukssjefen i Hå kommune, Olav Magne Tonstad, i ein kommentar til Bondevennen. Tonstad er skeptisk til at til dømes desse bøndene, som for to år sidan vedlikehaldssådde fleirårig raigras direkte i svoren for å berge vekstsesongen, i år skal risikere å få ekstra trekk i tilskotet til reparasjon av enga, som dei den gongen berga med å så i fleirårig raigras.

Føringane frå departementet og Fylkesmannen vil leggje press på jordbrukssjefane når dei skal måle ut tilskotsbeløpa hjå dei råka bøndene. At det i desse føringane skal ligge pålegg om eit ekstra tilskots-trekk på 30 prosent hjå dei som har følgt gjeldande dyrkingspraksis på Jæren i meir enn 30 år, er urimeleg.

Vi legg til grunn at bøndene får den hjelpa som er naudsynt frå både Norsk landbruksrådgiving og Norges Bondelag for å forklare styresmaktene gjeldande praksis når det gjeld grasdyrking på Jæren og andre område som nyttar raigras.

All kultur er dyrken, står det i Bondesongen. Det kunne gjerne også stått: All kultur er forbunden med risiko. Bøndene rår ikkje over naturen.

Å «straffe» bønder som bruker engblanding med raigras, eller fleirårig raigras i reinbestand er meiningslaust.

Sjur Håland
sjur.haland@fkra.no