Gass på!

26. april 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Planane om biogassanlegg på Jæren har versert like lenge som bøndene har vore i uvissa om strengare gjødselreglar. I 15 år, sidan 2009. Nå er dei nye gjødselreglane her. Det er ikkje anlegget for mottak av husdyrgjødsel i Hå. Nå trengst det meir enn nokon gong. Og det hastar.

Dei er nemleg få, dei rogalandsbøndene, som ikkje på ein eller annan måte vil merka innskjerpingane i regelverket. For å tilpassa seg må dei fleste snart velja strategi: Følgja dei nye fosforgrensene. Syta for at tilførsel og uttak av fosfor i drifta er 1:1, såkalla balansegjødsling. Skaffa seg større spreieareal. Skifta til fosforfri mineralgjødsel, og, om det blir tilgjengeleg, fosforfattig kraftfôr. Kutta i dyretalet. Òg/eller setja sin lit til storskala omfordeling av fosforhaldig gjødsel over fylkesgrensene.

Eit biogassanlegg fritek ingen for å løysa eiga gjødselutfordring. Men eit anlegg og ein infrastruktur som tar unna noko av overskotet på husdyrtette Jæren, vil tena og motivera alle. Her kan gjødsla bli til produkt som bøndene treng og marknaden vil ha. Og ikkje minst bidreg det til kutt av både fossile og biologiske klimautslepp.

Om enn langsamt, skrid planarbeidet til Bio Jæren heldigvis fram. Selskapet vil bygga landets største biogassanlegg ved jærhavet på Grødaland. 11.april sendte dei av garde søknaden om 183 millionar kroner i etableringsstøtte til Enova.

Skulle søknaden bli innfridd, og det bør han, blir Enova-kronene eit viktig tilskot til dei 1,3 milliardane kroner som investorane bak Bio Jæren ventar at ein fullstendig fabrikk kan kosta. Desse investorane er Air Liquide Skagerak, Tine, Nortura, FKRA, IVAR og Lyse.

Men sjølv med full pott frå Enova står det att mange utfordringar før eit anlegg står klart. Til dømes: Skal Bio Jæren først satsa stort, treng dei sjølvsagt føreseielege rammer. I dag får bøndene som leverer gjødsel til biogass tilskot over jordbruksoppgjeret. Det meiner industriaktørane er for uvisst. Dei ønskjer seg ei ordning som er mindre utsett for årvisse politiske omprioriteringar, og helst utanfor jordbruksoppgjeret. Får dei det?

Ei anna seig floke er korleis ein reduserer fosforet i bioresten. Ifølgje Ivar Sørby, ein biogass-ekspert involvert i planarbeidet, er løysinga i sikte. Men det blir dyrt. Kan det bli lønsamt?

I det som vonleg blir eit jærsk biogass-eventyr, er ikkje minst bøndene si rolle sentral. Bio Jæren utformar nå ein avtale til bruk mellom partane. Det trengst. Men før nokon signerer og sender gjødsla avgarde, bør bøndene samla seg og sikra at ansvar, risiko og vinst blir rett fordelt.

Utfordringar er til for å løysast. Felles for hindera er at dei er overkomelege. Nå står det på organiseringsevna, viljen, framsynet og pengane. Eit velfungerande biogassanlegg på Jæren handlar om å nå måla me har sett oss i jordbrukspolitikken, klimapolitikken og energipolitikken. Ikkje mindre. Altså har me ikkje råd til å feila – eller til å venta i 15 nye år.