Først kom Sylvi Listhaug og bles av tilskot- og kvotetak. Så kom den durkdrivne Jon Georg Dale og konsoliderte partifellen si line: Volum. Færre bønder. Større bruk. Kritikken frå bondeorganisasjonane roa seg. Då Dale nyleg vart oppgradert (ja, dei fleste ser det slik) til samferdsleminister, takka faglaga han av med ros. Same dag gav regjeringa oss Bård Hoksrud, eit landbruksfagleg blankt ark. Hoksrud lovar stø kurs og stadig lågare matprisar.

Med jovial iver skryt den ferske statsråden av eit blømande norsk landbruk, den store satsingsviljen blant mange unge bønder og av næringas evne til formidable fire prosent effektivisering kvart år.

Visste ein ikkje betre kunne ein tru næringa er inne i ein dynamisk vekstperiode.

10.000 nedlagde bruk dei ti siste åra fortel ei anna soge. Det gjer truleg også situasjonsanalysen til tørkerama bønder som vurderer avvikling.

Heilt feil tek Hoksrud likevel ikkje. For det finst vilje til jordbruk – over heile landet. Bondevennens lesarar fekk eit klårt døme på dette i reportasjen frå grashaustedemonstrasjonen på Sandnes i førre utgåve. Over 400 bønder, mange av dei yngre, stimla til for å sjå og lære. Slike samlingar spreier glede og håp, og styrker samhaldet blant dei som ønskjer å stå i yrket.

Langs heile spekteret i jordbruksnæringa, frå konvensjonell drift via høgtekno veksthus til jordnær permakultur, skjer det svært mykje spanande no. Matproduksjon er in.

I tillegg er jordbruket ein god stad å høyre til. Kvar dag kjennest kanskje ikkje som eit privilegium, men kvar dag gir etterlengta meining fordi bonden produserer noko alle treng. Unge så vel som røynde vil delta.

Poenget er at dei fleste sannsynlegvis ikkje ville oppgi dagens politikk som den største motivasjonskrafta. Kanskje ville fleire søkja mot jorda, dersom det å driva eit såkalla mindre bruk, basert på eigne ressursar, gav betre lønsemd?

I ein videosnutt på Facebook varslar den ærlege landbruksministeren at han skal ut på tur for å høyra om korleis ein driv landbruk i Noreg, kva som er utfordringane og om kva som bør gjerast annleis.

Skulle du treffa på han, bør du nytta høvet til å opplysa han om at det ikkje er viljen det står på. Politiske ramevilkår er også avgjerande i det daglege valet om å stå i jordbruket.

Bothild Å. Nordsletten