«Jeg går i fare hvor jeg går», skreiv salmediktaren Brorson i 1734. Strofa kunne like gjerne vore mynta på landbruket og skriven i dag.

Fleire fatale ulukker med traktor og ATV-ar dei siste vekene er ei alvorleg påminning om kor viktig det er å retta merksemda mot tryggleik i kvardagane våre. Jord- og skogbruk har, i følgje Arbeidstilsynet, i lang tid vore den mest ulukkebelasta næringa i Norge. I 2021 omkom fem arbeidstakarar i jordbruket i fire ulike ulukker. Året før var talet seks, medan fire omkom i 2019. Kor mange som i tillegg har blitt skadde og som har hatt behov for legehjelp etter landbruksrelaterte ulukker, finns det ikkje gode tal på.

Dei som kjenner næringa treng heller ikkje tal og statistikk for å fastslå at landbruksarbeid er eit farleg yrke. Me veit det av erfaring.

Vekene fyk og me er alt eit godt stykke på veg i den nye vekstsesongen. Det yrer av liv både under og over jorda. Traktorar fraktar gras i rundballar og på tilhengarar langs offentlege og på private vegar og gjennom tun i eit rasande tempo. Snart skal det rørast i gjødselkjellaren. Mjølkekyr går på beite. Det same gjer ammekyrne og kalvane deira. Stigar står oppreiste mot møner og tak. Folk nyttar ledige stunder til å få gjort alt som gjerast skal i den lyse og lette årstida. Og snart byrjar den lange gilde sommarferien då garden sine barn og venane deira får gard, hage og tun som leikeplass.

Då kan det vera greitt å ha in mente at det er når barna dine har besøk at dei vanlege leikerutinane blir brotne. Det kan vera meir enn god nok grunn til å ta nøkkelen ut or minilastaren, låsa giftskåpet, skalka fôrluker, leggje på kumloket og fjerne stigen som ikkje er i bruk.

Bondevennen vil verken moralisera eller kasta mørke skuggar over faktumet som handlar om at sommaren er den gildaste og travlaste årstida for svært mange av lesarane våre. Men det kan vera greitt å minna om at dei travle dagane ofte er dei dagane då innarbeidde rutinar blir brotne. Før du veit ordet av det står du, etter ein driftsstopp, travel og sveitt i lessevogna med vinkelsliparen utan tanke for verneutstyr. Du skulle jo berre …

Det er å håpa på at det er innafor å oppmoda til å sjekka lysutstyret på traktoren og reiskapen, å bruke setebeltet alltid, og frontlastaren med sunn fornuft, også under transport. Me vil alle vel når me ber deg om, så langt det er mogleg, å stiga av traktoren og gå inn på kjøkken eller ut på terrassen og ta skikkelege ete- og kvilepausar. Også bønder treng ein kvild for å halda seg skjerpa. Særleg i dei periodane då døgnet ikkje har nok timar.

Det står alt for mykje på spel til å gå på akkord med helsa og tryggleiken.

Sjur Håland