Igjen er bøndene i Rogaland bekymra over brune bekkar. Det har regna lite i vår. Likevel ser det ut til at for mykje husdyrgjødsel har hamna i vassdraga. – Eg har aldri sett at så lite regn etter spreiinga av husdyrgjødsel har gitt så mykje gjødsel i bekken, seier ein av jærbøndene som Bondevennen var i kontakt med i førre utgåve.

Orda vitnar om det dilemma mange bønder står oppi når gjødselkummen er full, vêret er godt og iveren etter å starta vårvinna er på topp. Men plutseleg høljar det ned, sjølv om vêrmeldinga meldte yr. På den nydyrka jorda, eller på enga med dårleg grasdekke, byrjar gjødsla å renna av. Kanskje, viser det seg, bomma du på spreietidspunktet, eller gjødsla du for mykje?

Trass god førebuing, utbreidd bruk av slangespreiar og dei beste intensjonar om å få jobben gjort på ein miljøvenleg måte, skjer det enno at næringsstoffa bommar på planterøtene dei var meint for. Næringa hamnar i elva, til skade for muslingar, fisk og alt anna liv som lever under og langsetter vass-skorpa.

Mykje godt arbeid er gjort for å betra vasskvaliteten opp gjennom åra, men framleis står det dårleg til mange stader. At meir eller mindre livlause bekkefar skadar omdømet til jordbruket i ei stadig meir miljømedviten omverd, er også ei kjensgjerning.

NLR-rådgjevar Magnus Haugland har rett når han seier at optimal husdyrgjødselhandtering er ein krevjande kunst. Her er mykje å halda styr på. Bonden må ta omsyn til vêr, temperatur, grad av vassmetting i jorda, teknikk og mekanikk.

Like fullt er det ein kunst jordbruket er nøydd til å meistra ennå betre enn i dag. I følgje Regionalplan for landbruket i Rogaland stammar 70 prosent av fosforavrenninga i vassdraga på Jæren frå landbruket. Slike tal tek ikkje berre kverken på livet i vatnet, det svekker også jordbruket sin posisjon når ny gjødselvareforskrift og strengare reglar for klima, miljø og naturmangfald skal utarbeidast.

Då dagens eldre jærbønder var småe, kunne dei fiska aure i opne bekkar mellom åkrane. Enkelte tente også ein pen slump på perlene dei fann etter tolmodig opning av elvemuslingar i Håelva. Dette yrande vasslivet var i sin tur del av eit kulturlandskap som hyste eit mykje større artsmangfald enn det dagens jordbruksland gjer.

Dette mangfaldet, med reint vatn som kjelde til liv, burde det vera råd å byggja opp att. Det skal me klara! Noko mindre ville vera ei fallitterklæring. Bøndene som no ropar varsku skal såleis ha takk for si årvakne haldning og iherdige innsats for å avgrensa gjødsla til der den gjer nytte.

Bothild Å. Nordsletten