Jordbruk over heile landet! Levande distrikt! Slagorda blir gjentatt av den eine landbruksministeren etter den andre. Og likevel: Utviklinga går i stikk motsett retning, og det relativt raskt.

Eksportstøtta til Jarlsberg fell bort. Me drikk mindre mjølk og et mindre kjøt. Importen aukar. Me er truleg vitne til ei ytterlegare strukturrasjonalisering i mjølkesektoren. I tillegg blir kanaliseringspolitikken utfordra i aukande grad. Ein ny rapport frå AgriAnalyse viser korleis austlendingane dyrkar stadig mindre kornareal, men stadig meir gras til stadig fleire husdyr. I gjennomsnitt har kornarealet gått ned med rundt éin prosent i året sidan 2010. Dei to siste åra er nedgangen dobla til over to prosent årleg. I fjor var kornarealet på rundt 2,8 millionar dekar – det minste sidan 1972.

Korn er liv, sjølvforsyning og beredskap. Og den norske kornproduksjonen er heldigvis ikkje så verst. I gode år produserer me faktisk det meste av matkveiten sjølv, og norsk korn utgjer brorparten av kraftfôret. Med utsiktene til meir ustabilt klima gjer me likevel klokt i å oppretthalda og styrka produksjonsevna, også i dei randsonane som no går ut. Høgare kornpris er eit viktig verkemiddel for å snu utviklinga.

Men sjølvforsyning og beredskap er meir enn berre korn. Det er også mangfaldig og spreidd produksjon, samt god arbeidsfordeling. Medan bønder på Austlandet legg om til gras, husdyr og frukt – produksjonar som er meint å føregå hovudsakleg i sør og vest – står kollegaene deira på Vestlandet i kø for å selja mjølkekvota. Kua og kanaliseringspolitikken, to sentrale element i landbruket vårt, er altså i spel. Ein treng ikkje vera svartsynt for å ana svenske tilstandar med fråflytta «gläsbygder», der framme ein stad.

At talet på bønder er nede i rundt 39 000 og minkar over heile landet, understrekar alvoret. For kor skal bøndene som er att fordela seg? Gardsbruka i aust omkransar Oslo og oppland – den største og mest kjøpesterke marknaden i landet. Vegen til lønsemd og levebrød, til avsetting for lokalt foredla varer, er med andre ord kortare for ein bonde frå Øvre Eiker, enn for han frå Nordfjordeid. Idealisme og heimhug har nok redda mangt eit tungdrive vestlandsbruk, men det held ikkje som langsiktig strategi.

Utviklinga viser at totallandbruket i Noreg er i ferd med å bli mindre, og at føresetningane for matproduksjon blir svekka. Let me det skure og gå, risikerer me at Trøndelag, Jæren og det sentrale Austlandet står att som høgproduktive, men også meir sårbare «smørauge» i eit elles attgrodd matfat i sør og vest. Dersom nokon er komfortable med denne utviklinga, er det på tide å vera ærlege om det. Er det derimot landbruk i heile landet og levande distrikt me vil ha, er det komande jordbruksoppgjeret ein opplagt plass å starta snuoperasjonen.

Bothild Å. Nordsletten