image description

 

Framtida er ikkje langt unna. Ho byrjar i morgon. Er vi så metta på trugande framtidsbilete at det blir provoserande å snakke om forventning, optimisme og framtidstru? Kanskje det, men ta ikkje frå oss draumen. Ekte, nær og omtanke er trendord som gir grunnlag for optimisme.
 
Dei fleste vil hugsa boka Heil ved, som blei ein bestselgar for eit par år sidan. Begrepet, som viser til ekte vare, trefte noko i folkesjela. Er vi trøtte av glansbilete og reklame? Gi meg noko som ikkje er perfekt, men som eg i det minste kan ha tillit til. Heil ved handlar mellom anna om å bygge på tradisjon, ikkje alltid velje kjappe løysingar og ta den tida ein treng for å få fram eit kvalitetsprodukt.

Kanskje, som ei motkraft til den grenselause verda, er ordet nær blitt eit verdiord i vår tid. Ordet lovar godt for utvikling av vår heimstad og vår bygd. I mange ti-år har folkestraumen vore frå bygda til tettstaden og byen. Om vi nå ser verdiar som trekkjer i motsett retning, er det avgjerande at politikarar og samfunnsplanleggarar legg til rette for realisering av dei verdiane som folk søker. Verdien av det nære kjem også til syne i den sterke interessa vi nå opplever for lokalmat.

Vi høyrer om ein motstrøms trend frå USA. Grupper blant dei unge orienterer seg bort frå individualistisk basert tryggleik til å gjera seg avhengige av kvarandre under mottoet; frå frykt til omtanke. Ein overraskande og interessant observasjon på eit kontinent der ein tradisjonelt dyrkar det individuelle og der den enkelte er sin eigen lukkesmed. Tryggleik basert på murar omkring vårt eige er eigentleg ganske sårbar. Difor er den gryande ungdomstrenden godt nytt, der dei erkjenner sårbarheita i den individuelle kulturen og bygger framtida saman. Frykt for helse, økonomi og einsemd har gode vekstvilkår der individualismen blir dyrka.

Dag Seierstad, gav nyleg ut boka Folket sa nei, i samband med 20 årsmarkeringa av EU avrøystinga. På spørsmålet frå ein NRK-journalist om kva han stiller seg mest kritisk til ved EU, svarar Seierstad:
– Eg fryktar mest ein samfunnsstruktur som systematisk bygger på ekstrem konkurranse. Altfor mange fell utafor. Alle menneske er ikkje alltid unge, alltid friske eller har den rette utdanninga.

Vi let oss begeistra av det verdigrunnlaget dei unge BvLoggarane har trekt fram i sine refleksjonar i Bondevennen. Tankane er prega av kvardagsliv, interesse for det ein held på med og forventning til framtida.

Takk til alle som raust har delt tankar, skrive fagstoff eller opna fjøsdøra for reportasje i Bondevennen i år. Vi ønskjer å vera eit blad for bønder og bygdefolk og gleder oss til å formidle inntrykk frå nye møteplassar i året som ventar.

 

Eirik Sople