Førre torsdag sette norske matprodusentar tankmjølk, kokekaffi og salamipålegg i halsen under frukosten. Rapporten frå Gunnhild Stordalen og EAT-Lancet Commission om sunn mat og bærekraftige matsystem er nok eit dokument som stadfestar at det konvensjonelle og tradisjonelle norske landbruket er under press.

Rapporten legg til grunn at verdas folketal har bikka ti milliardar i 2050. For å halda jordkloten innafor det som blir rekna som berekraftig og fø alle med sunn mat, samstundes med at den globale oppvarminga blir redusert, må kosthaldet endrast dramatisk. Dei 37 forskarane frå heile verda er ekspertar på helse, landbruk, statsvitskap og miljø. Ekspertane legg til grunn meir frukt, grønsaker og kornprodukt og mindre kjøt og fisk på kjøkkenborda framover. Medan inntaket av sukker og kjøt skal halverast, skal me i framtida eta det doble av frukt, grønt, belgfrukter og nøter. Til samanlikning kan det nemnast at helsestyresmaktene i Norge i dag tilrår maks 500 gram raudt kjøt i veka, medan det ikkje er avgrensing på kvitt kjøt. Kjøtkvoten er i rapporten rekna til 14 gram per dag per person. Sju gram raudt kjøt og sju gram svinekjøt. I tillegg legg råda opp til eit dagleg inntak på 29 gram fjørfekjøt, 13 gram egg og 250 gram meieriprodukt.

Dette kan sjå ut som dårleg nytt for drøvtyggjarlandet Norge. Me kan velja å harselera med rapporten og flira av forskarar som peikar på eit framtidsscenario som populistiske mediar har omskrive til ein hamburgar og to egg i veka. Det er ikkje særleg lurt.

I Bondevennen sitt nedslagsfelt er det tradisjon for å lesa både rapportar, samfunnstrendar og politiske signal med aktiviserte brilleglas. For sjølv om innhaldet i rapporten kan verka ekstrem hjå oss, peikar ekspertane på ein retning og ein trend som me ikkje kan feia under teppet.

EAT-rapporten er ein av mange som peikar mot eit endra kosthald og ei meir klimasmart retning for framtidslandbruket. Så er det stadig aktuelt å minna om at korkje forskarar eller helseidealistar kan gjera noko med at så lite som tre prosent av det norske landarealet er eigna for matproduksjon. Av dette kan tredjeparten berre nyttast til grasdyrking og husdyrbeite. Dei verdiane er forvalta på beste måte. Norge ligg på verdstoppen i dyre- og plantehelse. Norske bønder har hand om avlsmateriale på gris og ku som andre land berre kan drøyma om.

Konvensjonell landbruksproduksjon inkludert raudt kjøt og bacon høyrer difor naturleg med i det klimatilpassa framtidslandbruket i graslandet Norge. Samstundes skal forbrukarane få meir norskprodusert frukt og grønt.

I mat- og klimadebattane kan ein få inntrykk av at forskarar og forbrukarar er historie- og medvitslause i høve til mattryggleiken og nasjonane si plikt til å fø eiga befolkning. Det skal ikkje meir til enn at ein gal person trykker på feil knapp. I eit kriseråka globalt matkaos treng me kvart einaste grasstrå til mat for husdyra her på berget.

Gras er også grønt.

Sjur Håland