Bv44_leiar

Frå flintøksa til Gråtassen var det ei lang teknologisk utvikling gjennom mange små steg. På 1950-talet fekk vi eit taktskifte. Den teknologiske utviklinga kom over i eit akselererande tempo. Så kom det store spranget; datateknologien.

Å analysera samfunnsutviklinga generelt, og utviklinga i landbruket spesielt, utan å trekka inn konsekvensane av datateknologien blir feil. Globalisering, med fri flyt av det meste, ikkje minst kapital, er vanskeleg å sjå føre seg utan dei reiskapane som høgteknologien gir. Det politiske tilsvaret er liberalisering. Teknologiutvikling og finans er krefter som trives best i fri utfalding, utan regulering. Ja, nokre er løfta ut av fattigdom, men sideeffektane av ein hemningslaus vekst er rovdrift, klimautfordring og skeivfordeling av verdiskapinga.

I det store bildet er noko av utfordringa at einskildmennesket er kome i skuggen av teknologi og finans. Altfor ofte blir menneska sett på som ein underbetalt innsatsfaktor. Vi tiljublar roboten og veit ikkje kva vi skal nytte ledige hender til. Vi tiljublar Røkke og Stordalen og gir blaffen i skeivfordeling av verdiskaping. Vi tiljublar vekst og omdannar jorda til ein skrothaug.

Okey, vi veit at å kjempe mot den teknologiske utviklinga er ”å sloss mot vindmøller”, ein arena for desillusjonerte utan framtidstru.

Nå står vi ved eit vegskilje. Den nye vegen ber namnet; det grønne skiftet. Fossil energi skal byttas ut med fornybar energi. Vi skal tømme byane for bilar og vi skal produsere maten på ein smartare og meir miljøvenleg måte. Moderne teknologi skal føra oss over på ei berekraftig utvikling. Styresmaktene likar å framstille dette som eit teknologisk omslag, utan at vi treng å endra politikk og åtferd. Vi trur at teknologien er ein del av løysinga, men politisk retning og personleg handlingsmønster høyrer også med.

På årets Særheimdag fekk vi med oss interessant tankegods om teknologien sitt potensiale.
– Kombinasjonen av landbruk og moderne teknologi vil spille en sentral rolle i å brødfø verdens raskt voksende befolkning, sa forskingssjef Audun Korseth, ved NIBIO.
Han tok oss med på ei spanande reise om kva høgteknologi vil bety for framtidsjordbruket. Ved hjelp av sensorar, automasjon og mekanikk styrer teknikken inneklimaet, mjølkar kyrne, hentar egga, fôrar dyra og held det reint på spaltegolvet. Vi har fått autostyring av traktorar og ikkje minst ein enorm kapasitetsauke på maskinane.
Teknologien opnar for at vegen vidare, blir endå meir presisjon- og automasjon. Kanskje får vi ei meir strukturtilpassa teknologisk utvikling? Innafor frukt og grønt blir hausteroboten det neste spranget.
– Om fem år tror jeg høsteroboter er et vanlig syn i norske åkrer og i norske veksthus, sa forskingssjefen.

Vi blei også minna om at matproduksjon i framtida ikkje berre er avhengig av tradisjonelle jordbruksareal. Den blå åkeren – maritim sektor – vil få ei mykje større rolle enn i dag, ikkje minst gjennom produksjon av plankton og algar, som mat til dyr og menneske. Elles ser vi ein ny trend med såkalla urbant landbruk, ein dyrkingsmåte basert på næringsløysingar, utan bruk av jord og der ein dyrkar i høgda og på fasadar. Solcellene driv pumpene, fotosyntesen driv plantene.
Framtida er spanande, og teknologien ser ut til å vera utan grenser.

Eirik Stople