Fjørfebøndenes frykt har blitt til realitet. For første gong i Noreg er sterkt smittsam fugleinfluensa påvist på to gardar på Jæren. Alle verpehønene er avliva, og omfattande tiltak er sett i verk i to sonar, ti kilometer ut frå gardane.

Situasjonen er svært krevjande for dei direkte råka bøndene, og for fjørfebesetningane rundt. Midt i unnatakstilstanden er det samstundes gledeleg å sjå kor raskt og proft beredskapsapparatet vart sett i verk i det smitten vart påvist for to veker sidan. Bøndene sjølv, fôrleverandørar, Mattilsynet og anna forvalting har vore føre var, samarbeidd og budd seg godt. Vonleg vil dette avgrensa utbrotet.

I skrivande stund veit me ikkje korleis sjukdomsutbrotet oppstod. Årsakene kan vera mange, ikkje minst er smitte påvist i villfugl nær dei bandlagde gardane. I media har fleire likevel påpeikt risikoen som følgjer av den høge husdyrtettleiken på Jæren. I risikosona rundt dei smitta besetningane er det 17 fjørfegardar. I den ytre observasjonssona 81. Det må understrekast at ingen førebels har stadfesta at korte avstandar er medverkande til den aktuelle situasjonen. Kommentarane om husdyrtettleiken er likevel relevante som innspel til ein vanskeleg, men viktig debatt som med fordel kan takast hol på i kjølvatnet av det pågåande dramaet.

For det kokar i Rogaland. Dei drygt 4000 gardane i regionen produserer 30 prosent av alle norske høner, kyllingar og egg, rundt 20 prosent av mjølka og 25 prosent av alt kjøtet. Baksida av medaljen, særleg på Jæren, er ikkje berre høgt smittetrykk, men òg store mengder gjødsel, potensiell mangel på spreieareal og konflikt med natur- og miljøverdiar.

Og medan talet på husdyr i distrikta fell, òg i Rogaland, har det berre auka på Jæren. Medan distriktslandbruket blør, har mjølka lenge flote mot dei grøderike havslettene. Grisenæringa er stor. Og på den knappe matjorda er nye, store kylling- og hønsehus under oppføring. Kostnadene, både i kroner og øre, men òg for legitimiteten til næringa dersom og når krisa råkar, må reknast inn, når me diskuterer korleis landbruket skal sjå ut i framtida.

Det er politikarane som bestemmer korleis landbruket skal organiserast, mellom anna gjennom tilskot og investeringsmidlar. Bøndene tilpassar seg. Det er dei flinke til, ikkje minst jærbonden. Når politisk snakk om landbruk i heile landet ikkje vert følgt opp av aktiv politikk, vil skeivfordelinga forsterka seg. Og skulle det høgproduktive landbruket mellom Stavanger og Egersund bli sett sjakk matt i ein kortare eller lengre periode, får det følgjer for sjølvforsyninga. For det er sårbart, også med tanke på matsikkerheit, å konsentrera jordbruket på få regionar.

Norsk matproduksjon hadde vore mykje fattigare utan det jærske matfatet og dei drivande bøndene som held dampen oppe der. I ei tid der konkurransen om ressursar og areal aukar, og med ein smittesituasjon som set pressområdetematikken i relieff, bør me likevel stilla spørsmålet: Finst det grenser for vekst, sjølv på Jæren?

Bothild Å. Nordsletten