Lammesesongen har så langt tildelt småfebøndene to nasestyvarar.

Den eine kom då omsettingsavgifta for sau og lam vart sett opp til fire kroner i førre veke, eit tap for bønder som allereie slit med innteninga. Særleg råkar den heiafolket, som i desse dagar kjem ned med flokkane sine, til ein overfylt marknad. Den andre kom då Omsettingsrådet godkjente søknaden frå Nortura om å få nytta avgifta til sal av 1000 tonn fersk sau til pelsdyrfôr.

For etter lang tids overproduksjon er lagera smekkfulle. Kjedene reklamerer for svin og kylling og vil ikkje ta inn sauen. Forbrukarane har ikkje svart på oppmodinga om to ekstra måltid med sau eller lam om året. Folk er mette. Noreg er mett. På sau, lam, mjølk, egg, kylling, ja, snart kanskje også på storfe.

Frustrasjonen i sauemiljøet er stor, forståeleg nok. Overproduksjonen har ridd næringa som ei kostnadskrevjande mare i to år. Ingen bonde likar at buskapen blir til dyrefôr, sjølv om det er å føretrekkje framfor destruksjon. Ein del rettar skytset mot eige samvirke. Nokre er freista til å krevje omsettingsavgifta attende. Mangelen på motivasjon er påtakeleg.

Berre pelsdyrbøndene ser lyst på det, enn så lenge.

Og det er ikkje berre småfebøndene som reagerer. Dyrevernsalliansen og MDG var raskt ute med kritikk av tiltaket. Dei er ikkje åleine om å kjenna på at grensa til det etisk forkastelege er overskriden når prima menneskemat blir til fôr for den mest uglesette næringa i landet. Rovdyrforkjemparane som i det siste har oppmoda til saueboikott, får neppe mindre blod på tann.

Saka er ei kjempeutfordring for omdømet til landbruket. Ho styrkar oppfatninga av at sauebøndene produserer masse av noko marknaden ikkje kan ta unna. Kven skal vel no høyra på krava deira om betre lønsemd?

Å omtala alvoret i stoda er ikkje vanskeleg. Å finna løysingar på floka er meir vrient.

Kanskje er dette, trass i alt, den hestekuren som må til for å sette ein stoppar for ein vilja, vekstdrivande politikk. Men skal kuren vera verdt pina, må sauenæringa godta endringar framover. Næringa må sjølv finna ut av om det er lettare spelsaulam som skal til, ein sau som lever lenger og får fleire lam totalt, eller ennå sterkare krav til daglegvarekjedene om faktisk å ta det samfunnsansvaret dei let som om dei er opptekne av. Når styresmaktene, forbrukarane, samvirka og kjedene ikkje innfrir sauebøndene sine forventingar, må også bøndene spørja seg kva dei kan gjera sjølv.

Å halda fram i same sporet som før er iallfall ikkje eit alternativ. Det finst grenser for vekst, og sauenæringa har overskride den grensa.

Bothild Å. Nordsletten