Skal det vera eit glas «Fremtidsmelk» frå Tine, eller eit krus av Q si «Klimamelk »? Båe gode på smak. Båe frå kyr som har fått tilsett metanhemmaren Bovaer i fôret.

Q sin kartong lovar ein reduksjon på 25 prosent av den potente klimagassen. Tine tar sikte på heile 30 prosent utsleppskutt innan 2030. Samt å få alle drøvtyggarar på den grønare kosten.

Det er iallfall målet for forskingsprosjektet Metanhub, som Tine leiar. Dei fleste relevante aktørar innan storfe er med, og prosjektet får også støtte gjennom jordbruksoppgjeret.

Du kan lika den «grøne» mjølka eller ei. Debatten går og påstandane flagrar. Om kyr med mageknip, auka kraftfôrforbruk for full effekt av metanhemmaren, og om grønvasking.

Men metanhemmarar fungerer. Utsleppa går ned. Og ned må dei. Jordbruket står for 57 prosent av metanutsleppa i Noreg. Bøndene har forplikta seg til å kutta fem millionar CO2-ekvivalentar dei neste sju åra. Då må noko gjerast. Fort. Om «Fremtidsmelk» og «Klimamelk» bidreg – og om det ikkje utgjer ei ekstra utgift som bonden ikkje får kompensert for – meiner me det berre er å seia ja, takk, og lata det fløyma.

Når det er sagt, må Tine, Q og resten av husdyrnæringa også ta tøffare grep for ikkje å bli pressa frå skanse til skanse når landet skal nå klimamåla. Dagens skyts mot norsk kjøt og mjølk er prov på at ein har mislukkast i å slå fast jordbruket som ein sentral del av løysinga.

Som Karmøy-bonde Jon Helgeland Qvale skriv på side 24 denne veka: Næringa evnar ikkje å kommunisera om all karbonfangsten som bøndene står for på areala sine gjennom fotosyntesen. Ei heller at utslepp frå drøvtyggarar er del av det naturlege krinsløpet, i motsetnad til forbrenninga av olje og gass.

Tvert om. Jordbruket tykkjest å vera meir opphengt i eigne utslepp enn av å skaffa tal på eige opptak av klimagassar. Slik sett er det forståeleg om somme oppfattar lanseringa av klimamjølka som eit smådesperat botemiddel. Og skurrar det ikkje litt, når Tine samstundes satsar på flyboren osteeksport til andre sida av kloden? Og stenger anlegg her heime – med stadig lengre trailerturar til følgje?

Klimakrisa krev gjennomgripande og konsekvente tiltak. I alle ledd. I alle sektorar. Me ser gjerne at den nye mjølka glir ned. Men òg at søkjelyset flyttar seg frå kua til alvorlegare klimatrugslar.

Bothild Å. Nordsletten