image description

 

– Sjølv om olja også framover vil vere viktig, vil den ikkje på same måten som nå vere motoren i norsk økonomi, sa finansminister Siv Jensen under samvirkekonferansen Mat og Landbruk 2015.
Det ligg fleire forhold bak denne uttalen. Med dagens oljepris gir ikkje olja den verdiskapinga som Norge har gjort seg avhengig av. Det syner kor oljeavhengig og sårbar vår velstand er. Ei anna sak er det internasjonale trykket på redusert utslepp av klimagassar med krav om overgang frå fossil til ”grøn” energi.

 

På mat og Landbrukskonferansen tok mange til ordet for ein bioøkonomi, der samfunnet i langt større grad bygger verdiskapinga på fornybare ressursar. Styreleiar i Norsk landbrukssamvirke, Sveinung Svebestad, snakka om det grøne skiftet der landbruket vil vera ein del av løysinga. Norsk kostnadsnivå og konkurransekraft bekymra finansministeren og andre økonomar på konferansen. Samfunnsøkonom, Erling Rød Larsen, stadfesta, det vi alle veit, at årsaka til vår velstand ligg i bytteforholdet mellom sal av dyr olje og billig vareimport, først og fremst frå Asia. Vi kan også legge til billeg arbeidskraft gjennom arbeidsinnvandring.

 
Miljøutfordringa skal løysast med ny teknologi og det ein kallar grøn vekst. Få snakkar lenger om idègrunnlaget til tidlegare miljørørsler som Framtida i våre hender, der fokuset var nullvekst og endring til ei enklare livsform, tilbake til fortida om du vil.
– Verdiar må skapast før dei kan fordelast, sa finansministeren. Her går ho til hjerte av utfordringa. Den grøne retninga må svare seg. Det må utviklast produkt som er konkurransedyktige i ein nasjonal og internasjonal marknad. Om eit grønt verdigrunnlag slår igjennom hjå folk flest, kan endringa skje fort. Økonomi og produktutvikling vil fort gå i den retninga marknaden etterspør.

 
Skogen si rolle kan bli langt viktigare for det grøne skiftet enn det vi har sett så langt. Eit døme er Borregaard som ved bruk av naturleg, fornybart råmateriale produserer avanserte og miljøvenlege biokjemikaliar og bioetanol som kan erstatte oljebaserte produkt. Det store spørsmålet blir landbruket og anna næringsliv maktar å utvikle produkt som gir eit innhald til dei politiske korrekte honnørorda.
For kva handlar den grøne retninga om? Vi trur det er viktig å vera ærleg på at førebels er det meir ord og visjonar enn innhald. Bare framtida kan visa om dagens oljekrakk berre blir ei omstilling til ein meir økonomisk robust oljeindustri eller om det er byrjinga på slutten på det norske oljeeventyret vil.
Uansett tyder mykje på at vi ikkje skal langt fram i tid før olja har utspelt den rolla ho har i dag. At politikarane nå, langs heile den politiske aksen frå venstresida til høgresida, snakkar fram ei grøn retning på samfunnsutviklinga, bør inspirere meir enn det skremmer.

 

 

Eirik Stople