image description

 

Påsken er her. Med høgtida kjem påskemarsipan, påskeegg, ja, kort sagt alle tenkelege søtsaker. Det er freistande å ta seg ein bit eller ti, og omtrent obligatorisk å la søte saker fylle ganen, med ski på beina og påskesol i fjeset. Likevel kjenner mange ei stikkande kjensle som blander seg med herlig søtsmak. Resultatet blir ein bitter bismak.
 
Eit liv utan sukker kan me lese om i nettaviser og sosiale medier støtt og stadig. Den eine etter den andre skal kutte ut både sukker og kveitemjøl. Det er naturleg mat som gjeld. Kunstig smak og falsk mat er ut. Mat direkte frå naturen er siste skrik når det gjeld matmote. Sjokolade proppa av fargestoff, for gul påskefarge, kjem ikkje akkurat rett frå moderjord. Smaken er det likevel ingenting å seie på. Sjølvkontroll er stikkordet.
 
Vil du ha status bør du ha kontroll på søtsuget. Tv-seriar om folk som finn fram til ein slankare versjon av seg sjølv er det mange av. Det er ikkje vanskeleg å tru at eit slankt ytre gir indre lukke, men så lett er det truleg ikkje. Jakta på eit betre liv er kanskje eit teikn på noko. Eit teikn på at samfunnet har fjerna seg frå naturen og opphavet. Menneska er originalt ikkje designa for å sitte ved ein kontorpult og kjøpe mat i ein vakuumpakka pose i butikken. I byrjinga samla me nøtter, vekstar, jakta og var gardbrukarar. Å skaffe seg mat var ein sentral del av kvardagen, og er no redusert til eit kvarter i handledisken.
Er det rart me er forvirra?
 
Bonden kan skine, vere stolt og takksam i desse dagar. Stolt over å produsere mat som er naturleg og rein. Takksam over å ha ein kvardag nær naturen og opphavet. Ikkje alle får den moglegheita, men alle kan verdsette produktet. Målet burde ikkje vere å betale minst mogleg for maten. Rein mat produsert på eit forsvarleg vis har sin pris. Det er enkel matematikk.
 
Anten du er smal eller brei er det viktigaste korleis du har det på innsida av fasaden. Eit godt kosthald kan truleg gi deg ei god kjensle, men får du lyst på ein knallgul sjokolade er det ikkje den som velter lasset. Her er ingen fasit. Me trur alle må finne sin veg til kvardagslukke. Det viktigaste er å ikkje la seg presse inn i moteskapte trendar fordi ein skal passe naboen sitt bilete av lukke.
Me ynskjer alle ei herleg påskehøgtid etter eigen smak.
 
 
Jofrid Åsland