image description

Den kalde våren, omlegging til prosenttoll på viktige jordbruksvarer med påfølgande oppløftande jordbruksavtale og regjeringsskifte med landbruksminister frå FrP, prega landbruksdebatten i 2013. Nye politiske vindar og naturen sitt varierande lune, kan by på utfordringar for ei næring som både er avhengig av å vera på lag med naturen og politisk godvêr.

Ikkje rart at kravet om føreseielege rammevilkår stadig vert diskutert i dei samanhengane der bønder samlast. Får landbruket eit nødvendig handlingsrom for ein nasjonal landbrukspolitikk i tida som kjem?

Norsk matproduksjon blir lagt merke til i internasjonal samanheng. Ikkje fordi vi er store på volum, men på grunn av dyrehelsa. I mange land er husdyrhaldet prega av utstrakt bruk av antibiotika, med resistente bakteriar som resultat. Situasjonen er ein trussel for folkehelsa. At forbrukarane opplever norsk mat å vera trygg, er truleg norsk husdyrproduksjon sitt største konkurransefortrinn. Ja, vi har utfordringar også i Norge, mellom anna i svinehaldet og i kyllingproduksjonen, men næringa, faginstansar og styresmaktene viser evne og vilje til å ta grep for å ta vare på norsk landbruk sin unike dyrehelsesituasjon.

Kvifor er norsk husdyrhald i denne gunstige situasjonen? Det er ikkje tilfeldig. Bruksstruktur og tiltak for smittebeskyttelse er nøkkelord. Debatten om konsesjonsgrenser handlar ikkje berre om marknad, matprisar og økonomi. Ein må også ha eit blikk for dyrevelferd og dyrehelse. På eit møte i Rogaland fjørfelag nyleg, kunne kyllingoppdrettar, Nils Steinsland, fortelje at han vaksinerer komande verpehøner ein gong. I Danmark, med ein heilt anna besetningsstruktur, vaksinerer dei kyllingane opp mot 20 gonger. Dyktige bønder, kompetente veterinærmiljø, forskingsinstitusjonar og Mattilsynet er avgjerande for å vinne kampen for ei god dyrehelse.
Ein laurdagsmorgon i desember vakna vi til nyheita om at grunnlaget for ny WTO-avtale er på plass. Rom for utforming av nasjonal landbrukspolitikk har vore eit av dei store hindera for å få i stand ein ny avtale. WTO-avtalen gir ingen verknad for norsk landbruk over natta. Det skal førast forhandlingar om utforming av ein felles handelspolitikk, inklusive landbruk, i komande fireårsperiode.

I desse prosessane er det avgjerande å ha styresmakter som tek innover seg verdien av å ha ein norsk matproduksjon, og som er villige til å ta den nødvendige kampen for å skaffa eit handlingsrom for nasjonal landbrukspolitikk. Resultatet av nemnde forhandlingar kan bli eit vere, eller ikkje vere, for norsk matproduksjon i framtida.
Statsråd Vidar Helgesen sin tur til Brussel, med signal om å reversere ostetollen, lovar ikkje godt for regjeringa si taktiske posisjonering for å sikre handlingsrom for ein nasjonal landbrukspolitikk. La oss vone at regjeringa tek seg bryet med å sjekke ut kva stortingsfleirtalet meiner, før dei flaggar nye synspunkt på den internasjonale arenaen.

– Endringar i norsk landbrukspolitikk  må openbart styrke både konkurranseevne og inntektsmuligheiter både for norske bønder og norsk næringsmiddelindustri, skriv Venstre til Sylvi Listhaug i brevet der dei seier nei til å reversere ostetollen. Og dei held fram: – For Venstre vert det avgjerande at vi gjennom forhandlingar med EU (og eventuelt WTO) klarer å sikre føreseielege vilkår og ei positiv inntektsutvikling for norsk jordbruk også i framtida. Dette er signal vi tek på alvor og som lovar godt når Stortinget skal gjera viktige vegval for norsk landbruk i månadane og åra som kjem.