Er du bonde og føler at næringa er under åtak frå alle kantar, er du truleg ikkje aleine. Mediedekkinga og temperamentet på nettet, særleg etter lanseringa av EAT-Lancet-rapporten, er massiv for tida. Kjensla av kringsetting er lett å forstå, når det går i myrdyrkingsforbod, pelsavvikling og skjerpa klimakrav med raudt kjøt i siktet.

Så langt har landbruket ridd stormen toleg bra. Blant anna har Norsk Landbrukssamvirke, Nortura og Bondelaget kvessa argumenta for både helsevinsten og berekrafta i å eta kjøt frå norske, utmarksbeitande dyr. At næringa også påpeiker skilnaden mellom biologiske utslepp for matproduksjon, og fossile utslipp berre-for-gøy, les flyreiser, er heilt på sin plass. Det er å vona at denne skjerpa tonen også blir brukt mot den tiltakande straumen av importmat.

Med andre ord: Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Sjeldan har vel landbruket hatt eit så stort publikum å formidla sitt syn på saka til. Spelar ein korta riktig, kan næringa vinna mange nye støttespelarar framover.

Og sjeldan har vel, trass i alt, landbruket opplevd så mykje uttalt støtte. Noko har iallfall skjedd når Margaret Hagerup frå Høgre og Framstegspartiets Bård Hoksrud kappast om å hylla bonden. Entusiasmen til den nye landbruksministeren frå Krf Olaug Bollestad, er det heller ingenting å seie på. Framsnakking er viktig og inspirerer vonleg landbruket sine representantar til å halda fram med å gje jernet.

Samstundes vil me åtvara mot tendensen til å stempla meiningsmotstandarar som hysteriske eller ekstreme. Valdelege dyrevernsforkjemparar som går til åtak på bønder i Sverige, er ekstreme. Det er ikkje professorane bak EAT-Lancet-rapporten, eller alle veganarar. Ei heller alle motstandarar av pelsnæringa. Kor konstruktivt det er å måla fanden på veggen, slik SPs Geir Pollestad gjer når han blinkar ut kylling og svin som neste i avviklingsrekka etter pelsdyrnæringa, kan og bør også diskuterast.

Skal landbruket si framsnakking av eiga næring stå seg, er det dessutan viktig å gi eit realistisk bilete av matproduksjonen, slik den faktisk føregår. Her hadde Pollestad heilt rett, då han under Varhaug-møtet i førre veke tok til orde for å skrota reklame-glansbileta – dei av snakkande kyr, happy høns med eigennamn, handborne smågrisar og kjeledress med press.

Eit av verdas beste landbruk kan og må bli betre. Men alt no har næringa lite å skamma seg over. Hugs det.

Bothild Å. Nordsletten