Frå eitt av rekneskapskontora på Jæren blir det meldt om at bøndene som kjem og leverer bilag, har blitt ørlite lettare til beins. Pipa har fått ein betre lyd. Folk byrjar å tru på ein farbar veg framover.

Me har lagt bak oss ein svært god vekstsesong med mykje og godt gras på lager. Dumpen i mjølkeproduksjonen vart på langt nær så dramatisk som mange frykta. I det minste enn så lenge. Forholdstalet er for tida 1,05. Salet av lam går godt, og det har endeleg blitt mogleg å ta ut målpris på gris.

Den langvarige unnatakstilstanden grunna koronapandemien ser ut til å gi nokre positive effektar i form av endra forbrukarvanar og redusert grensehandel. Det slår positivt ut for dei som produserer mat her på berget. Pila for ferskmjølkkonsumet snudde oppover etter koronautbrotet. At renta er svært låg og at landbruket sin etterspurnad etter offentlege investeringstilskot er høg, peikar også på ei investeringsviljug næring med framtidstru i botn. Me registrerer også statsråd Bollestad sitt estimat for inntektsauke i samband med statsbudsjettet. På rett nok svært usikkert grunnlag i tal frå Budsjettnemnda for jordbruket, antydar ho ei auke for jordbruket på 16 prosent i 2020.

Tveit Rekneskap og Rekneskapslaga på Jæren og i Dalane la nyleg fram sine nøkkeltal for 2019. Interessant lesing og eit studie verdt for dei av oss som er glade i tal. For andre er rapportane i det minste ei påminning om at det er mogleg å løfte botnlina på kvart einaste bruk.

Nøkkeltalanalysen til Rekneskapslaga på Jæren og i Dalane synar, som føregåande års analysar, eit kraftig sprik mellom den beste tredjedelen og tredjedelen med lågast resultat. Ta mjølk, for eksempel. 2019-nøkkeltala for mjølkeproduksjon med fullt påsett, er basert på 122 mjølkebruk med ein snitt-buskap på kring 40 årskyr. Her synar snitt-tala eit dekningsbidrag per liter mjølk på 4,15 kroner i 2019. Skilnaden mellom dei 30 prosent av bruka med best resultat og dei 30 med lågast resultat er stort. Dei beste oppnår 5,09 kroner i dekningsbidrag per liter mjølk, medan dei i lågaste gruppa må greia seg med 3,19 kroner.

Om me ser på maskinkostnadssida, brukar dei 122 mjølkebruka 1,58 kroner per liter mjølk i snitt. Tredjeparten med lågast kostnad ligg på 1,39 kroner medan tredjeparten med høgast kostnad bruker 44 øre meir per liter, 1,83 kroner.

Nå er me langt inne i eit nytt rekneskapsår. Mange slit med eit etterslep på vedlikehald etter magre år. Men moglegheitene til å kutta kostnadar og auka inntektene er likevel til stades hjå dei fleste, også innafor gjeldande rammevilkår. Greier landbruket i tillegg å nyttiggjera seg boost’en i kjølvatnet av dei siste forbrukartrendane, kan det bli mogleg med fleire løft. Men det tyngste taket er kanskje å gjera dei naudsynte endringane på eige bruk. Det er ingen som har påstått at det er enkelt å kutte kostnadar og gjera naudsynte grep for å flytta driftsresultatet i rett leid. Men umogleg er det ikkje.

Sjur Håland