Hatten av for bønder i Rogaland og Agder som let vårvinne vera vårvinne og trør til når flammane trugar lokalsamfunnet!

Ikkje før tok det fyr i Sokndal og Lyngdal tysdag i førre veke, før gardbrukarane fylte gjødselvognene med vatn og vætte åkrar og kratt for å hindra elden.

Saman med brannkorpset, heimevernet, sivilforsvaret, og andre frivillige, bidrog dei til å avverja det som ifølgje brannsjef og skogbrannekspert, Nils-Erik Haagenrud, var veldig nær ved å bli ein katastrofe.

Då helikoptera måtte settast på bakken for natta, heldt bøndene det gåande gjennom natta, og tok seg fram også på stader der brannmannskapet ikkje så lett kom til.

Dei dramatiske timane i Sokndal og Lyngdal viser kva som bur i folk når krisa rammar. Folk stiller opp for kvarandre og lokalsamfunnet, for materielle verdiar og naturen rundt.

Nok ein gong blir me minna om verdien av nærleik. Av spreidd busetting. Av folk med intim kjennskap til den lokale topografien. Av folk som er vande med å arbeida hardtog av snarrådige hovud og nevar som evnar å finne praktiske løysingar.

Slike folk er ofte bønder. Den brå og tidlege starten på skogbrannsesongen stadfestar, nok ein gong, kor viktige dei er, som del av den sivile beredskapen, utover det å produsera mat. Anten det er snakk om brann, flaum, eller andre større, uønskte hendingar – når krisa rammar, kanskje på fleire frontar samstundes, er bonden svært god å ha.

Mykje tyder på at brannane i førre veke, ikkje blir dei siste i år. Cecilie Daae, direktør i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, seier til NRK at det er viktig at alle forstår kva me står i – at faren for brann er ikkje noko som forsvinn. Direktoratet stadfestar at ulike typar ekstremvêr er kome for å bli og fryktar at det varme, tørre vêret vil halda seg til uti juni.

Kva enn som ventar oss – innsatsen i Sokndal og Lyngdal stadfestar at me alle er litt tryggare med bønder i nabolaget.

Bothild Å. Nordsletten