I eit vindauge med opphald ei vekes tid inn i haustmånaden oktober, såg mange grasdyrkarar sitt snitt til å berga siste grasslåtten for i år. Men korleis kvaliteten på graset vart, står att å sjå. Ikkje alt såg like godt ut. Enkelte stadar hadde grasbotn langt frå tørka opp, med svarte spor etter traktor og haustereiskap som resultat.

I skrivande stund er ikkje den totale oversikten over avlingsnivå og –kvalitet på grovfôret her på Sørvestlandet klart. Men eit inntrykk byrjar å danna seg. Avlingsnivået ser ikkje ut til å bli betre enn det må vera. Sjølv på Jæren. Litt lenger nord på Vestlandet, og særleg på Sørlandet, kan det sjå ut til at det er mindre vinterfôr på lager enn vanleg. Bondevennen kjenner til at bønder i vårt nedslagsfelt, med for lite grovfôr, har vore ute i marknaden for å sikra seg det dei treng gjennom vinteren, utan å lukkast.

I ein fagartikkel frå Norsk landbruksrådgiving kan du i vekas nummer gjera eit djupdykk inn i fôrprøveresultata frå dei to første slåttane i ditt område denne sesongen. Her er summen at fôret har ein «gjennomgåande god kvalitet». To gode slåttar er eit godt utgangspunkt. Korleis summen blir når tredje og fjerde slåtten skal under mikroskopet står att å sjå.

Bønder jaktar på marginane heile året. Med rente- og kostnadsauken som har vore dei siste par åra, har kostnadskontroll med innsatsfaktorane blitt enda viktigare. Blant det viktigaste og eigentleg heilt avgjerande for det økonomiske utkomet for mjølk- eller grovfôrbasert kjøtproduksjon, er å kjenna mengda og innhaldet i grovfôret som er hausta gjennom vekstsesongen og tilpassa fôrplanen etter dette. Det blir ikkje mindre aktuelt denne vinteren.

«Optimal fôringsplanlegging i forhold til grovfôrmengda og -kvaliteten blir ekstra viktig framover. Rett og slett optimalisering over heile linja for å henta ut marginane», seier rådgivar Guro Hansen i gardsreportasjen frå Undheim denne veka.

Det er eit hav av vurderingar som må gjerast: Er grovfôrlageret ditt tilstrekkeleg gjennom vinteren? Korleis er eventuelt grovfôrmarknaden dersom du må kjøpe fôr? Kan du tilpasse grovfôret til dei ulike dyreslaga, og kva grovfôrerstattar bør du bruka til dei ulike slåttane?

Vil det vera rett å selja nokre livdyr ekstra eller slakta nokre av dyra litt før det som var den opphavlege slakteplanen? Greier du gå forbi ein tom binge i vinter?

Er det mogleg å auke mjølkeytinga og heller ha nokre færre kyr? Eller motsett? Skal du oppretthalde den fine tilvekstkurven på oksane dine med ekstra kraftfôr, eller vil grovfôret bli betre utnytta, lønsemda betre og slakteklassen like god med noko redusert tilvekst.

Fasiten på dette og meir til i di besetning ligg i vurderingane du og fôringsrådgivarane dine gjer med utgangspunkt i grovfôret.

Haustjakta er i gang.  

Sjur Håland