Heia dei som bygger!

Sjur Håland
Å reisa ein ny driftsbygning på garden, er stort for bonden og familien. På mange vis. Satsinga på fleire titals millionar kroner er eit økonomiske kjempeløft for generasjonen som signerer lånepapira, set gravemaskinskuffa i jorda og bestiller betongbil.
Ein annan stad i dette nummeret av Bondevennen kan du lesa at det er optimisme å spora blant mjølkeprodusentane her i Sør-Vest. Noko som også syner att i ordrebøkene til entreprenørane. Tidlegare i haust skreiv me om ein svinebonde på Jæren som no endeleg og på overtid, såg høvet til å renovera og bygga om grisehuset sitt. Slike signal er sjølvsagt gledelege.
Det er berre å gi seg ende over og gle seg med dei som tek det store spranget. Det fell lett å ønskje hell og lukke til bønder som nå ser ei opning som gjer det mogleg å oppfylla draumen. Drøymer er det mange som gjer. Det inntrykket festar seg om ein møter opp på ein av dei mange fjøsopningane som finn stad i distriktet. Mange vil sjå, høyra, læra og hausta erfaringar frå dei som har gått føre. For kanskje kan fleire i åra som kjem forskala fundamentet og gjera luftige planar om auka velferd for husdyr og folk om til verkelegheit.
Nå skal me ikkje plent hella malurt i begeret. Men ingen må tru at biletet er svart kvitt. Det at nokre fleire ser seg råd til å bygga, betyr ikkje på noko måte at den generelle økonomien i landbruksnæringa er friskmeldt. Det betyr heller ikkje at strukturrasjonaliseringa er ved vegs ende og at bondeinntekta, kostnadsauken, og rentenivået ikkje lenger betyr noko.
Mette av fårikål og lammefrikassé kan det kanskje for enkelte vera vanskeleg å sjå føre seg slakteskrottar på rekke og rad på eit fjernt fryselager. Næringa treng å få gang på omsetnaden av blant anna saue- og storfekjøt. Det let seg ikkje gjera i ei handvending i ei tid der forbrukarane i auka grad ser ut til å snu ryggen til dei planteetande kulturlandskapspleiande husdyra våre, som på mange vis er ryggrada i det norske landbruket.
Likevel. Tilbakemeldinga frå den gjeldande banken og entreprenøren i vekas Bondevennen – og frå bønder som bygger, illustrerer på ein treffande måte at dukkar det opp eit halmstrå eller fem, så har me framleis ein drive- og ein produksjonsvilje her i Rogaland, som gjer at bøndene straks står klar til å gripa halmstrået med begge nevane.
Den driven og det miljøet har vore til velsigning for matproduksjonen i annleisfylket så langt. Men utan marknadsbalanse, politisk tilført næring og levelege vilkår i åra som kjem, vil det tynnast enda meir i rekkene. Til og med i Rogaland. Manglande framtidstru og investeringsvilje har ikkje eit land, med mål om auka sjølvforsyning, råd til.
Også difor heiar me på dei som bygger.
DEI SISTE LEIARANE:

Ein langtidsplan for maten
Det er på tide å bygga beredskap. Den spente situasjonen i verda, den handelspolitiske uroa, den føreståande opprustinga og den stadig ruvande klimakrisa levnar ingen tvil.

Våronn i absurditetane si tid
Me treng ikkje gni det inn. Den globale politiske situasjonen er absurd. Dei store overskriftene i nyhendemedia kan for tida få den sterkaste sjela til å få skjelven berre av synet av sin eigen skugge.

Meir medvind for mjølka
Mjølk tar av om dagen. Råvareprisen stig og bøndene svarer så til gagns på suget etter meir av det kvite gullet: I fjor vaks produksjonen med 76 millionar liter – den største auken på over 25 år, ifølgje Nationen.