Treng me eigentleg å produsera sau- og lammekjøt i Norge? Etter fleire tiår med mislukka strev for å få marknaden i balanse, forbrukarvenlege produkt og løn for alt arbeidet, tvingar spørsmålet seg fram.

Ein næringslivsleiar ville kan hende sagt at det er betre forbrukarøkonomi i å importere pinnekjøt, lammelår og fårikålkjøt via skipskjøl frå New Zealand. Ein BI-økonom ville rista energisk på hovudet på spørsmål om sauehald i oljenasjonen er noko å satsa på.

Like vel, ved inngangen til lammesesongen fløymer det over av norskprodusert sau og lam her på berget. Det står att å sjå om sauenæringa får samfunnet til å respondera på den eksisterande produksjonsviljen framover eller om det norske sauekjøtet kokar bort i kålen for godt.

Arbeidstoppen om hausten kan mellom dei som driv med sau definerast som 17. mai og julaftan på ein gong. Sanking og skiljing av sauer og lam som kjem ned frå fjell- og heiebeita er kultur- og festdagar som det luktar lanolin og sveitte av. Nokre lam skal rett på slakteriet og enda opp som kanskje det mest naturlege matproduktet nasjonen har å by på. Andre dyr skal fôrast nokre veker på heimebøane, medan saulam av den beste kvaliteten skal rekrutterast til nye mordyr. Vêraringane byrjar etter kvart å vakna til liv. Utover hausten og vinteren kjem det til å lysa frå vindauga i norske sauehus landet rundt. Sauenæringa er distriktsbyggande og interessevekkjande husdyrhald av beste sort.

Norge er eit fjelland kor sauen tradisjonelt har utnytta elles utilgjengelege fôrressursar. Vakne norgesturistar bør i sommar ha fått med seg at sauer og lam på beite bidreg sterkt til å halde i det minste noko av kulturlandskapet ope. No får me signal om at det blir vanskelegare å halde nok mannskap til å drifte beitelaga. At sauebesetningane blir større, med færre folk å fordela oppgåvene på, er ein av grunnane. Det kan altså bli vanskelegare å skjøtte fjell og hei i åra som kjem. Då står næringa i fare for å mista kanskje det viktigaste omdømme-argumentet. Men det mest urovekkjande for bøndene er likevel overproduksjonen som ser ut til å vara ved. År med kamp og kampanjar for produktutvikling og for å gjera produkt frå sau og lam lett tilgjengelege og synlege i butikkane året rundt, ser heller ikkje ut til å lukkast.

Ein sau på slaktekroken er nærast verdilaus i dag. Det er tragisk. Korleis i all verda skal me overtyda butikkar og kundane deira om at produkt av sau og lam er minst like godt og anvendeleg som kylling og svinekotelettar? Fleire spørsmål meldar seg som ein quiz utan fasit: Burde ikkje høgsesongen for lammeslakting starta alt i juli? Er det i det heile mogleg å regulera produksjonen? Korleis styre innovasjonsmidlane slik at ein unngår produksjonsauke, men samstundes ikkje hindrar viktig nyrekruttering?

Svara ligg ikkje i dagen. Fundamentet for det vidare arbeidet med norsk sauehald, må likevel vera at næringa står for ei ressursutnytting, eit matmangfald, ein kultur og ein distriktsprofil som nasjonen ikkje har råd til å mista.

Debatten må haldast varm. Også etter at haustens fårikålgryter har kolna.

Sjur Håland