Bv09_leiar

 

Det er ikkje sikkert at Fjordkjøkken og Toro kjem til å sprengje sals- og produksjonsgrenser i det uendelege i tida som kjem. Mors kjøttkaker er ikkje lenger berre eit nostalgisk minne frå 50-talet. Omgrepet er i ferd med å få sin rennesanse. Snart blir det kult å presse persesylte og å sy rullepølser på eige kjøkken.

Det er det ekte som gjeld. Veden skal vere heil og råvarene rå for tida. Vi både ser og opplever dei nye mat- og livsstiltrendane. Mat er ikkje berre noko ein raskar med seg frå kebab-kiosken eller den nattopne Statoil-stasjonen. No skal maten gjerne kombinerast med ein sosial happening og lagast frå botn av heime på kjøkkenet.

Bøndene strevar best dei kan med å dekke spurnaden etter metta feitt. Folk har eit umettande behov for fløyte, rømme og smør. Ekte vare, heil ved.

Merkevarebygging kostar flesk. Men den årelange bygginga av truverdet til bøndenes eigne merkevarer som Prior, Gilde og Tine har vore ei lønsam affære. Logoen blir sett, og opphavsmerkinga blir lest. Mange forbrukarar vil vere sikre på kva produkta inneheld og kor maten kjem frå. Sistnemnde gruppe har vakse mykje dei siste vekene.

Skandalen kring manglande deklarasjon i lasagne-produkt frå Europa har ikkje gjort folk mindre skeptiske til maten dei legg i handlevogna. Ferdigprodukta, som inneheldt kjøt frå hest utan at det kom fram på pakningen, var også å finne i norske butikkhyller. Reaksjonane har, som venta, vore sterke, og harselasen har herja vilt og taumelaust på sosiale medier.

Reint og medisinfritt hestekjøt er god mat og slett ikkje skadeleg. Det som er ekstremt skadeleg er å ikkje gi rett informasjon om kva forbrukaren puttar i munnen. Useriøse aktørar som prøver seg inn på kortsiktige, lukrative snarvegar, øydelegg for langt fleire enn seg sjølv. Det har vi ikkje råd til å tulle med. Anten det er snakk om tilsetjingsstoff eller kva type kjøt produktet inneheld. Det er ikkje rart at forbrukarane kjenner seg grundig ført bak lyset når hest blir endra til storfe på varedeklarasjonen.

Kvalitetssikra og Nyt-Norge stempla mat har venteleg styrka seg etter hendinga. Det kunne vore freistande å nytte høvet til å hovere med at skandalen med hestekjøtet er matproduksjon i kombinasjon med big bisniss på sitt verste. Og om korleis slike situasjoner kan oppstå i ein grenselaus, ansvarslaus, useriøs og uoversiktleg marknad. Den hoveringa får andre eventuelt ta seg av.

Vi vil heller konstatere at saka er eit prov på at norsk matproduksjon si satsing på openheit, kvalitet og tryggleik har vore rett. Vidare ventar vi at dei som har ansvaret for at den misvisande varedeklarasjonen ikkje vart oppdaga før maten nådde forbrukarane, tek sjølvkritikk og ryddar opp i sine rutinar. For om det denne gongen handla om importert ferdigmat, kan vi ikkje vere sikre på at fleire slike skandalar også kan rokke ved den solide tilliten til norsk mat.

Norsk mat skal og må vere heil ved – utan sprekker.

 

Sjur Håland
sjur.haland@fkra.no