– Har du Vinterlandbruksskulen og held Bondevennen, har du det du treng.

Slik heitte det seg iallfall for nokre tiår sidan, den gong lærar på nemnde skule på Jæren, Gabriel O. Nærland, stod ved tavla med kritstykket i eine handa – og Bondevennen i den andre.

Den tida er forbi. Borte, stort sett, er flokken av slekt, naboar og bygdefolk som gjennom råd og døme overførte både konkret og «taus» kunnskap. Inn kom teknologien, maskinane, ekspertane og digitaliseringa. Ei rasande utvikling innan agronomi, avl og dyrevelferd. Forbrukarstemma, som meiner høgt om kva du produserer og korleis.

Ennå kjem du eit godt stykke på veg med Vinterlandbruksskulen og Bondevennen, men kompetansekravet til morgondagens bønder går langt utanpå det éin skule eller éitt fagblad kan gi deg. For bondeyrket var og blir eit av dei mest allsidige og kunnskapskrevjande yrka som finst. Eit yrke – og ein livsstil – der sjølv rammene, i form av politiske vilkår og vêret, er i evig endring.

Difor er det smått oppsiktsvekkjande, at heile 30 prosent av bøndene i Rogaland tilsynelatande meiner at dei ikkje har behov for meir kunnskap. Talet kjem fram i undersøkinga som Landbrukspartnarskapen gjennomførte blant fylkets matprodusentar i fjor haust, og som Bondevennen har omtalt i fleire omgangar, også i denne utgåva.

Over ein tredel oppgir rett nok at dei treng kompetanse om miljøkrav, klimakrav, teknologi og presisjonsjordbruk. Mange vil òg bli klokare på økonomi og regelverk.

Samstundes verkar særleg bøndene i Lund, Hå og Gjesdal trygge på sitt. Der svarer omsynsvis 46, 37 og 36 prosent «Ingen» på spørsmål om kva kunnskap dei treng dei neste 15 åra. Også Bjerkreimsbuen er sjølvsikker, med 32 prosent som tilsynelatande vurderer at dei ikkje treng fagleg påfyll.

Det heiter seg at blant alle landets bønder, er rogalendingane dei med minst formell landbrukskompetanse. Om så stemmer, har det likevel ikkje hindra sørvestlendingane i å bli dyktige storprodusentar – der er historia soleklår.

Men har dei det som trengst for framtida? Når den kyndige jordbruksfamilien blir ennå mindre, og krava skjerpast om alt frå husdyrs kjensleliv til droneflyging og datalagringsskyer?

Funna i undersøkinga bør studerast av landbruksskular, samvirke og rådgjevingstenestene. Målet må vera å tilby bøndene den kompetansen dei etterspør – samt å motivera dei som trur at dei har «heila vede» om at meir kunnskap er ei lett bør å bera.

Bothild Å. Nordsletten