I brottsjøen av dårlege nyheiter er du ikkje aleine om du tykkjer horisonten ser mørk ut.
Den store uvissa knytt til både tryggingssituasjonen i verda og økonomien kan ta nattesvevnen frå nokon og ein kvar. Å vera bonde med ansvar for dyr, stor bygningsmasse og innkjøp av naudsynte innsatsfaktorar til optimal tid, er inga enkel øving i ei verd som verkar å ha gått av hengslene.

Bondevennen følgjer sjølvsagt den dramatiske utviklinga og skriv om følgjene av stigande prisar og om bondekvardagar som blir stadig mindre føreseielege. Samstundes, og utan eit snev av naivitet, kjenner me eit sterkt ansvar for også å formidla det som framleis går som normalt, og det som er gildt! Heldigvis er det ganske mykje. Vipa er attende. Her og der på Jæren riv det friskt i nasen frå nygjødsla jorde. Våronna er så vidt i gang, lemminga likeså. For mange går onna føre seg nesten som i fjor, og året før der igjen.
Årsmøta i bondeorganisasjonane er avvikla, med tette program og stort engasjement. Etter to år med digitale samlingar er me mange som gler oss over endeleg å kunna sjå kvarandre att og benka oss skulder ved skulder. For ikkje å snakka om å handhelsa!

Ein politisk svært spanande vår er i emning, og på gardane førebur bøndene seg på ei travel tid og på å gjera det beste ut av dei ressursane dei har. Mykje står på spel no.
I ein slik situasjon er det ekstra viktig at bonden har helsa med seg, den fysiske så vel som den psykiske. Bondevennen skal bidra, ved å løfta fram også dei glade sakene. Samstundes oppmodar me alle om å ta seg tid til å ta godt vare på seg sjølv, og på kvarandre. Dét er aldri ei feil investering.

Bothild Å. Nordsletten