Mjølkeprodusentane våre må bu seg på magrare tider i åra som kjem. Marknaden er i ubalanse. Det er trøbbel med osten både når det gjeld import og eksport. I tillegg går forbruket av konsummjølk ned. Tine er på slankekur, det same gjeld bøndene som må slanke mjølkekvotane betydeleg. Summen blir ringverknadar som når like inn på driftskredittkontoane til mjølkebruka.

Det ligg nærast til arbeidsoppgåvene til rekneskapsførarar, og alle andre som arbeider med budsjett og tal, å mane kundane sine til moderasjon. Dei som førar rekneskapa våre skal rynka på nasen over for høgt privatforbruk og lite gjennomtenkte investeringar. I denne vekas utgåve av Bondevennen, går ein røynd talknusar, stasjonert midt i smørauga av norsk mjølkeproduksjon, eitt steg lenger. Han fryktar at den tredjeparten av mjølkeprodusentar som har lågast dekningsbidrag, ikkje vil greia seg gjennom dei neste åra dersom dei ikkje greier å løfte dekningsbidraget sitt over på middels nivå.

Me har hatt to temmeleg dramatiske fôrår bak oss. I 2017 regna sommaren vekk. Året etter regna det ikkje heile sommaren. Tveit rekneskap sine ferske tal frå Haugalandet synar at dekningsbidraget per årsku for 2018 var ned 3.600 kroner frå året før og enda på 27.600 kroner. Denne sommaren har bøndene gleda seg over passe mengder sol og regn, og gode avlingar. Likevel har det vore vanskeleg å retta opp seinskadane etter dei to føregåande åra. Mange fekk seg i tillegg ei lite gild overrasking då fakturaen frå presseentreprenøren dukka opp i postkassen i haust. Det vart mange rundballar ekstra å betala for når graset var blautt og avlinga stor. Møda kan synast å vera konstant.

Då oljekrisa kom i 2014, var konsekvensane svært brutal for mange aktørar. Slik er det i næringslivet når tidene blir dårlege. Landbruket er i ein annan situasjon. Inntekta er delvis politisk styrt gjennom jordbruksoppgjeret. Dei siste tjue åra har vore nærast gullkanta for mjølkeprodusentane. Bøndene har greidd seg tåleg godt, sjølv med eit middelmåtig resultat. Det er innlysande at det vil smerta kolossalt for desse om største delen av overskotet frå mjølkeproduksjonen forsvinn med redusert kvote og lågare oppgjerspris for mjølka.

Norske mjølkeprodusentar er ikkje ein sams masse, men sjølvstendig næringsdrivande som driv ein biologisk produksjon med ulike føresetnadar. Det er skil på gardsbruka, og det er skil på folk. Å ta seg sjølv i nakkeskinnet og gjera dei grundige grepa for å redusera kostnadane og auka resultata i besetninga og i grovfôrproduksjonen, er ingen enkel hestekur. Men det er fullt mogleg og absolutt naudsynt for dei det gjeld.

Sjur Håland