Det er lenge sidan norske bønder har hatt ein så god dag på jobb som onsdag i førre veke då den nye regjeringa la fram si regjeringsplattform. Ved første augekast kan det synast som om at landbruket si ønskjeliste har blitt kopiert rett inn i erklæringa av forhandlarane på Hurdal. Me registrerer ein flaum av gode lydar frå faglaga og frå einskildbønder på dei ulike kommunikasjonsflatene.

Forventningane til ei ny regjering har vore det hengande snøret som landbruket har sett si von til dei siste magre åra. Nå har Arbeidarpartiet og Senterpartiet si mindretalsregjering fire år på seg til å levera det dei lovar. Forventningane frå landbruket er kolossale. Landbruks- og matminister Sandra Borch får ei formidabel oppgåve med å manøvrera mellom maktas korridorar, finansministeren sin pengebinge og grasrota.

Det som skjedde 13. oktober 2021 kan jamstellast med historia som vart skriven i 1975 då SV-politikaren Berge Furre gjennom ein interpellasjon og hardt arbeid fekk fleirtal i stortinget for det vidgjetne Opptrappingsvedtaket, med mål om å jamstelle inntekta mellom bøndene og industriarbeidarane.

Regjeringserklæringa inneheld balsam for slitne bondeopprørarar og tillitsvalde i faglaga. Nå står det svart på kvitt at det skal leggjast fram ein forpliktande og tidfesta plan for tetting av inntektsgapet mellom jordbruket og andre yrkesgrupper. Ordlyden seier at opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og at den skal baserast på eit nytt talgrunnlag.

Orda «mat», «matproduksjon» og «mattryggleik » har knapt vore ein del av vokabularet til statsministeren som takka av førre fredag. Det vil truleg endra seg med Støre. Nå kan me lesa at den nye regjeringa vil leggje fram og gjennomføra ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar med eit mål om ei sjølvforsyningsgrad på 50 prosent korrigert for import av fôrråvarer.

Den nye mindretalsregjeringa skal opp til eksamen. Korleis Støre og kompani vil evna å henta fleirtal for alle sakene som kjem på agendaen står att å sjå. Sosialistisk Venstreparti vil truleg ha ei nøkkelrolle for eit positivt utkome av Hurdalserklæringa, når det gjeld landbrukspolitikken.

Lista frå Hurdal som gjeld landbruket, er lang. Det er ikkje vanskeleg å slutta seg til, anten det gjeld styrking av investeringsverkemiddel eller sikring av importvernet. At regjeringa vil trygge samvirket si rolle som marknadsregulator og be om ei stortingsmelding om marknadsmakt i verdikjeda for mat, er berre å gle seg over.

Midt i begeistringa er det likevel naudsynt å hella kaldt vatn i blodet. Målet med Opptrappingsvedtaket frå 1975 vart aldri nådd. Faglaga kan ikkje ta eit einaste kvileskjer. Det har ikkje bøndene råd eller tid til. Det skal meir til for å endra eit skakkøyrt landbruk med gjeldstunge forpliktingar, nye krav og eit ekspanderande kostnadsrally enn nokre velmeinande sveip med ein tryllestav over eit dokument. Mykje vil kunna gå skeis undervegs. Men målsetjinga i regjeringsplattforma er eineståande god for landbruket.

Nå begynner arbeidet.

Sjur Håland